Brød & gjærbakst

Speltscones

[dropcap]D[/dropcap]esse små og luftige bakverka med mjuk innside og sprø utside er nydelege med ost og syltetøy eller berre ein raus klatt smør på. Perfekte å nyte varme og nysteikte ein tidleg morgon saman med ein god kopp te.

Eple-& baconbrød

[dropcap]B[/dropcap]akst med fyll gir eit ekstra lyft til brødmåltidet og kan sette smak på det som ellers smakar ganske lite. Dette brødet har bitar av saftige norske epler og sprøsteikt bacon i seg, så her får brødet ekstra smak frå både det syrlege og salte.

Polarbrød med fullkorn & havre

[dropcap]D[/dropcap]ei aller fleste av oss er godt kjende med dei mjuke og flate rundstykkebrøda med små hòl i, som går under navnet “polarbrød”. Det ein del kanskje ikkje veit er at du kan lage desse enkelt og sunt på eiga hand heime. Denne varianten blei til mjuke og saftige polarbrød […]

Tebriks

[dropcap]T[/dropcap]ebriks er ypperleg å servere til frukost eller kvelds når ein har lyst på noko godt og vil ha noko anna enn dei vanlege rundstykka. Desse er fylte med masse godt smør, strandaskinke og valmuefrø eller ost på toppen.

Karamell-& pistasjbollekake

[dropcap]M[/dropcap]juk og luftig bolledeig med klissete salt karamell og pistasjnøtter. Kan det bli bedre? Denne bollekaka får ein fin og karamellisert botn med masse hakka nøtter og ei herleg sprø overflate.

Tomatknutar

[dropcap]T[/dropcap]omatknutar er småbrød som er forma som nettopp små knutar og har masse god smak av soltørka tomatar og eit lite hint av parmesan på toppen. Bruk dei som tilbehør til supper, salatar og tapas eller spis dei som dei er med ein god klatt smør.

Pizza med tomat, chorizo & oliven

[dropcap]B[/dropcap]erre tanken av ein pizza med tynn, sprø skorpe og saftig og smakfullt fyll kan få ein kvar til å få vatn i munnen. Denne er akkurat slik og har smakar som chorizopølse, svarte oliven, tomatsaus, soltørka tomat og timian i seg.

Fougasse

[dropcap]F[/dropcap]ougasse er eit fransk brød som har sin opprinnelse langt tilbake i tid i romerriket. Brødet er det franske motstykket til den italienske focacciaen og er eit flatt brød som liknar på eit blad og er fylt med for eks. urtar og oliven eller anna godt.

Heimelaga pølsebrød

[dropcap]G[/dropcap]rillsesongen er over oss og tida for lange lyse kveldar med grillmat er her igjen. Då er det fint å kunne kose seg med gode pølser med heimelaga brød og godt tilbehør. Desse halvgrove pølsebrøda er luftige og mettande og passar perfekt til alle typar pølser.