[dropcap]H[/dropcap]austen byr på ei rekke rettar og oppskrifter som ein vender tilbake til kvart einaste år. For meg er desse rettane sjølve symbolet på haust og mattradisjonar som eg føler høyrer med. Her har eg samla mine favorittar som står på bordet kvart år!
Gjer det sjølv/ Tips
Den store epledagen
[dropcap]I[/dropcap] dag er det den store epledagen her i Noreg. Dagen har blitt feira sidan 1990 då Opplysningskontoret for frukt og grønt etablerte denne markeringa. På slik ein dag passar det då med mange alternativ til kva ein kan bruke eplet til i matlaginga. Her får du nemleg nokre av […]
Heimelaga urtesmør
[dropcap]H[/dropcap]eimelaga urtesmør i dobbel forstand med masse gode urtar og kvitløk er enklare å lage enn du kanskje trur. Heimelaga smør er då unødvendig å lage vil du kanskje spørre? Nei, heilt klart ikkje spør du meg!
Tips til oppskrifter med kantarell
Hausten er tida for sopp og innekos. Den aller beste soppen synest eg sjølv er kantarell. Den gir ein heilt spesiell smak til måltidet og kan brukast på mange måtar.
Plommesyltetøy med kanel & vanilje
[dropcap]P[/dropcap]lommesesongen syng på siste verset og kanskje har du plommer du skulle ha brukt opp. Då kan det kanskje friste med nydeleg plommesyltetøy med god smak av krydder?
Tyttebærgelè
[dropcap]T[/dropcap]yttebær er sjølvsagt tilbehør til mange tradisjonelle rettar som for eks. kjøttkaker i brun saus og viltkjøt og gryter. Personleg er eg veldig glad i ripsgelè og ville derfor prøve å lage gelè av tyttebær.
Tapas- & smårettar til 17.mai
På lik måte som med alle kakene til nasjonaldagen er det også mange som skal ha med seg smårettar til forskjellige arrangement eller skal ha mange gjestar å servere. Då er det perfekt med smårettar og koldtbord som kan lagast kjapt og forberedast på førehand.
Kake- og desserttips til 17. mai
[dropcap]N[/dropcap]o er det kun få dagar igjen til 17. mai og med pinsestengde butikkar i dagane før så gjeld det å planlegge innkjøpa til det ein eventuelt skal bake eller lage til dagen.
Heimelaga ketchup
[dropcap]K[/dropcap]etchup har eg knapt nok spist sidan barndommen, og då var det Idun si raude flaske det gjekk i. Denne ketchupen smakar longt i frå den ferdige ketchupflaska frå butikken og har ein aromatisk kryddersmak som berre må prøvast. Ketchupen er nydeleg saman med for eksempel heimelaga burger og pommes […]
Mjuke minitortilla
[dropcap]D[/dropcap]esse heimelaga minitortillalefsene er mjuke og saftige og perfekte til å fylle med taco eller andre gode smårettar. Tortillalefsene slepp lang hevetid og går raskt å steike, men uansett så synest iallefall eg at det er verdt den tida det tek.