Danske flødeboller er små søte godsaker med ein botn av marsipan eller kjeks, sukkerskum med eller utan smakstilsetjing og eit sjokoladetrekk utanpå. I denne har eg brukt marsipan i botnen og fylt med eit herleg kaffiskum som er dekt av mørk kokesjokolade.
Kaker & Dessert
Brownie med salt karamellsaus
[dropcap]S[/dropcap]aftig, seig og klissete brownie slår aldri feil, og når ein då i tillegg toppar det med salt karamellsaus, ja då blir det utvilsomt suksess.
Mini galette med eple & karamell
[dropcap]G[/dropcap]alette er frå det franske kjøken og er rustikk pai som er steikt utan form. Desse små mini-utgåvene er fylte med syrlege eple, karamellsaus og kanel.
Frangipane-terte med eple
[dropcap]F[/dropcap]rangipane er eit mandelfyll som ein brukar til diverse kaker og terter. Her har eg brukt det nydelege mandelfyllet til ein søt tertebotn med norske syrlege eple på toppen.
Kardemommeknutar
[dropcap]S[/dropcap]ame gjærdeig som vanlege bollar og kanelsnurrar, men eit nydeleg fyll med intens smak av kardemomme gjer desse bollane syndig gode.
Créme Brûlée med eit hint av hylleblomst
REKLAME/SPONSA INNLEGG [dropcap]D[/dropcap]en klassiske desserten créme brûlée er den perfekte måten å avslutte eit godt måltid på. Den søte og fyldige desserten er noko dei aller fleste likar. Denne har fått ein ørliten smak av hylleblomst i seg og smakar etter mi meining utruleg godt!
Tiramisu-iskake
[dropcap]D[/dropcap]en klassiske italienske desserten tiramisu er denne gongen blitt ei iskald utgåve i form av iskake. Smakane er framleis dei same gode som den originale utgåva, og inneheld både mascarpone, kaffe og savoiardikjeks.
Solskinsbolle
[dropcap]S[/dropcap]olskinsbollar er kanelsnurrar som har ei “sol” av gul eggekrem i midten og smakar nydeleg godt enten det er sol eller ei. Bollane er baka med speltmjøl og blir luftige og gode.
Jordbærmoussekake på nøttebotn
[dropcap]F[/dropcap]riske kaker med bær er perfekt no i sommarhalvåret når ein ønsker noko godt å servere gjestane. Denne kaka har ein nøttebotn med mandler, frisk jordbærmousse og ferske jordbær på toppen.
Pavlova med krem, blåbær & grapefruktsaus
[dropcap]D[/dropcap]en elska pavlovakaka kjem ein ikkje utanom når det nok ein gong nærmar seg 17.mai-feiring. Denne gongen er kaka toppa med kesam-og fløtekrem, blåbær, grapefrukt og ein grapefruktsaus. Her får du både syrleg, søt og frisk smak i eitt!