[dropcap]O[/dropcap]stekake er framleis min store kakefavoritt og som eg alltid seier skal den helst vere stekt. Denne stekte ostekaka har fått ein ny vri med eit tynt lag med bringebærgèle på toppen og herleg lakrissmak i botnen.
Kaker & Dessert
Enkel vaniljeiskrem & affogato
[dropcap]O[/dropcap]ppskrifter på forskjellige typar iskrem og enkle dessertar kan ein aldri få nok av og på denne tida av året passar dette i tillegg perfekt. Herleg krema og enkel vaniljeiskrem er utgangspunkt for mange gode dessertar og kan nytast når som helst! Kombinasjonen du får i denne desserten med varm […]
Rabarbra-& jordbærkompott
[dropcap]R[/dropcap]abarbra og jordbær smakar nydeleg saman og gir ein fin harmoni av syrleg og søt smak. Denne kompotten er frisk på smak med eit lite hint av krydder og er god på godt brød, vafler, pannekaker eller i yoghurt-eller dessertskåla.
Karamell-& pistasjbollekake
[dropcap]M[/dropcap]juk og luftig bolledeig med klissete salt karamell og pistasjnøtter. Kan det bli bedre? Denne bollekaka får ein fin og karamellisert botn med masse hakka nøtter og ei herleg sprø overflate.
Jordbær-& mascarponedessert
[dropcap]D[/dropcap]enne jordbærdesserten lagar du på 1-2-3 og har raskt noko friskt og søtt å servere ein fin sommardag! Desserten har limemarinerte jordbær med mascarponekrem og søte og knasande amarettikjeks med god smak av mandel.
Kirsebæriskrem
[dropcap]T[/dropcap]il varme dagar og solskin er det perfekt med ein god og avkjølande iskrem. Denne iskremen har ein frisk smak av søte og syrlege kirsebær og ein krema konsistens frå mascarpone og fløte som smeltar på tunga.
Mazarinterte med rabarbra
[dropcap]M[/dropcap]azarinterte er ei kake med botn av mørdeig og eit fyll av mandelmasse. Mazarin kjenner du kanskje best igjen frå barndommen i små porsjonsformer av metall med eit lag med kvit glasur på toppen. Denne varianten er laga som ei stor terte og har litt rabarbra i seg som gir ein […]
Kake- og desserttips til 17. mai
[dropcap]N[/dropcap]o er det kun få dagar igjen til 17. mai og med pinsestengde butikkar i dagane før så gjeld det å planlegge innkjøpa til det ein eventuelt skal bake eller lage til dagen.
Sjokolade-& bringebærkake
[dropcap]D[/dropcap]enne kaka har eg laga i mange utgåver og med forskjellige typar bær, men no var det rett og slett ei evigheit sidan sist. Oppskrifta har blitt finpussa og endra litt på og eg kan seie meg fornøgd med resultatet. Kaka har ein saftig sjokoladebotn med sjokolade-og ostekrem med ferske […]
Espressoiskake med nøttebotn
For deg som er glad i både iskrem og kake er ei iskake perfekt å servere som dessert på eit kvart festkakebord. Denne iskaka har ein god nøttebotn med tyggemotstand og ein iskrem med god smak av sterk kaffe. Det heile er toppa med eit lag med vaniljeiskrem og mokkabønner.