[dropcap]S[/dropcap]tekt ostekake med skogsbærsmak, mørk og seig browniebotn og eit tynt rømmelokk på toppen er både friskt og mektig. Smakane på denne kaka harmonerer nydeleg saman og servert saman med masse ferske bær på toppen er den eit fint bakverk å plassere på kakebordet.
Kaker & Dessert
Dulce de leche fondant
[dropcap]S[/dropcap]jokoladefondanten er vel ein kjend og kjær dessert for dei aller fleste. Denne fondanten både ser ut som og har same konsistensen som ein sjokoladefondant, men inneheld ikkje sjokolade i det heile tatt. Fondanten er laga av krema og karamellaktig dulce de leche og har ein mild karamell-og smørsmak med […]
Sjokoladevafler
[dropcap]I[/dropcap]dag er det den store vaffeldagen og då må det sjølvsagt markerast med nystekte vafler. Desse søte sjokoladevaflene toppa med kesam og ferske bær blei frukosten her i dag og ein fin start på dagen.
Flødebolle med jordbær & lakris
[dropcap]D[/dropcap]anske flødeboller er små søte godsaker med ein botn av marsipan eller kjeks, sukkerskum med eller utan smakstilsetning og eit sjokoladetrekk utanpå. Denne varianten er laga med kransekakedeig med lakris, jordbærskum og sjokolade med lakrisstrøssel på toppen.
Crème brûlée-terte med earl grey
[dropcap]D[/dropcap]enne dessertkaka er ein kombinasjon av to store favorittar hos meg, terte og crème brûlée. Når du ikkje klarer bestemme deg for kva du har mest lyst på av sprø tertedeig eller ein porsjon med krema dessertpudding, så kan ein slå to floger i ein smekk og lage begge delar […]
Søt tertedeig
[dropcap]S[/dropcap]øt tertedeig er utgangspunktet for mange gode dessertar og terter i både store og små utgåver. Deiga er superenkel å lage og perfekt til for eksempel terter med bær og anna godt fyll.
Dulce de leche (karamell)
[dropcap]D[/dropcap]enne typen karamell er kanskje den aller enklaste du kan lage og krever minimalt med arbeid. Den er rett og slett laga av søta kondensert mjølk som er kokt på lav temperatur og smakar nesten litt prim-eller brunostaktig.
Brunostkake med bringebær
[dropcap]D[/dropcap]enne kaka har eg tenkt på at eg skulle lage i lang tid, og endeleg fekk eg summa meg til å prøve. I dag er det 1-årsdag for bloggen også, så då passa det perfekt med kake! Stekt ostekake med kremostfyll med brunost, ferske bringebær og ein kjeksbotn med kornmokjeks […]
Bollar med crème fraîche & bjørnebær
[dropcap]H[/dropcap]eimelaga kveitebollar er aldri feil og denne varianten med syrleg crème fraîche, søtt bjørnebærsyltetøy og friske bringebær er eit smakfullt alternativ til den vanlege kveitebollen om du vil ha noko nytt.
Espresso-panna cotta & mascarponekrem
[dropcap]F[/dropcap]løyelsmjuk og søt italiensk dessert med kraftig smak av kaffe og ein fyldig krem på toppen. Denne desserten som er superenkel å lage og smakar vanvittig godt kan du ikkje gå glipp av.