[dropcap]B[/dropcap]erre tanken av ein pizza med tynn, sprø skorpe og saftig og smakfullt fyll kan få ein kvar til å få vatn i munnen. Denne er akkurat slik og har smakar som chorizopølse, svarte oliven, tomatsaus, soltørka tomat og timian i seg.
Lunsj
Terte med aubergine, squash & gulrot
[dropcap]D[/dropcap]enne grønsaksterta er full av smak og gode råvarer og er fin til både lunsj og middag. Som regel inneheld middagsmåltida her enten kjøt eller fisk i ei eller anna form, men det å bytte ut dette med vegetarrettar innimellom er berre sunt. Spesielt når det kan smake så godt […]
Pizzabollar
[dropcap]E[/dropcap]in god pizzabolle med godt fyll og sprø botn er fin kveldskos, helgemat eller turmat. Pizzabollane har eit smakfullt fyll med kjøtdeig og god tomatsaus, nydeleg spekepølse, masse sprøstekt ost og luftig botn med sprø skorpe på undersida.
Ceviche med laks
[dropcap]C[/dropcap]eviche er ein slags salat av fisk og grønsaker som er marinert i sitrus og stammar frå Latin-Amerika. Min variant er laga med laks og er ein nydeleg og frisk rett som passar like bra som forrett, lunsj eller liten middag.
Quiche med røykalaks & asparges
[dropcap]V[/dropcap]årlig og smakfull quiche med skiver av god røykalaks, ferske aspargestoppar, vårløk og rosèpeppar som smakar nydeleg saman med grøn salat og syrleg vinaigrette. Dette er mat som passar ein solrik vårdag med sine friske fargar.
Byggrynsgraut med epler & karamell
[dropcap]D[/dropcap]enne grauten har eg hatt på lista over ting å prøve i lang tid og no vart det endeleg. Grauten er super som ein litt ekstra god frukost og mettar i lang tid. Byggrynsgrauten er kokt på mjølk og servert saman med dulce de leche (kondensert søta mjølk som er […]
Brødkrans med feta, salchichón & soltørka tomat
[dropcap]F[/dropcap]ylt brød og gjærbakst er nydeleg godt saman med enkle salatar og til tapasbordet. Dette brødet har eg fylt med herleg fetaost, ei spansk spekepølse og soltørka tomatar som gir ein smaksrik kombinasjon.
Focaccia-sandwich med ovnsbakte tomatar
[dropcap]L[/dropcap]ite slår eit godt stykke brød saman med godt pålegg og tilbehør. Denne sandwichen med heimelaga focacciabrød, ovnsbakte småtomatar, avokadomos, serranoskinke og mozzarellaost utgjer ein solid lunsj eller enkel middag til dagar der ein ikkje orkar for mykje kokkelering med gryter og panner.
Krema blomkålsuppe
[dropcap]H[/dropcap]eimelaga blomkålsuppe er rask og god kvardagsmat som fell i smak hos dei fleste. Denne varianten er ganske tjukk og krema og er toppa med sprøstekt serranoskinke, pinjekjerner og persille.
Pizza med serranoskinke, gorgonzola & pære
[dropcap]P[/dropcap]izza med luftig og sprø botn, gorgonzola, pære, valnøtter og serranoskinke. Denne pizzaen har voksne smakar og er ein himmelsk kombinasjon av gode råvarer.