Middag

Garam masala-kylling

[dropcap]I[/dropcap]ndisk krydderblanding og kylling er perfekte saman og gir smakfull middagsmat. Denne retten har aromatisk og lett sterk tomatsaus med kokos og saftig kylling, og er like god til kvardag som til helg.

Biffspyd med satay-saus

Grilla biffspyd med satay-saus er smakfull og lettvint mat som passar godt no som vi er lei av mektig julemat. Satay-sausen er laga på knasande peanøttsmør og kokosmjølk, og er perfekt for deg som er glad i nøtter og asiatiske smakar. Retten har sitt opphav i Indonesia og er populær […]

Lammegryte med tomat

[dropcap]L[/dropcap]ammekjøt er noko eg er utruleg glad i og kan brukast til det meste. Ein pakke med fårikål-kjøt i frysaren vart denne gongen brukt til eit anna føremål enn fårikål, og blei til denne smakfulle gryta med tomat og grønsaker.

Viltburger

[dropcap]E[/dropcap]in herleg viltburger med hjortekjøt, soppstuing, tyttebærsyltetøy og brunost er akkurat så nordisk og smakfullt som det høyrest ut til å vere.

Gnocchi med kantarell

[dropcap]G[/dropcap]nocchi har blitt ein ny favoritt i heimen i det siste og erstattar ofte den vanlege pastaen. Den mjuke konsistensen og smaken poteta gir i ei pasta-deig må du berre prøve!

Pizza med entrecôte & blåmuggost

[dropcap]P[/dropcap]izza med strimlar av entrecôte har eg stort sett ete ute på restaurant og liknande, men no var det på tide å prøve seg på ein eigen variant. Denne har fått selskap av god tomatsaus og blåmuggost. Så enkelt og såå godt.

Sitron-risotto med purre & spekeskinke

[dropcap]R[/dropcap]isotto er ein svært enkel og svært allsidig rett å lage. Her kan ein variere smak og tilbehør i det uendelege etter både eigen smak og kva ein har i kjøleskapet. Denne smakar lett av sitron og har fått sprøsteikt spekeskinke som tilbehør.

Estragon-kylling med kantarell

[dropcap]S[/dropcap]makfulle kyllingrettar med god sjysaus og tilbehør er noko eg aldri går lei. Denne retten inneheld saftige kyllingstykke med sprøsteikt skinn, kantarellar og ein sjysaus med fløte og estragon.

Andelår med plommesaus

[dropcap]H[/dropcap]ar du framleis plommer liggjande eller har dei tilgjengeleg i frysaren er denne retten eit fint alternativ å bruke dei på. Steikte andelår med sprøtt skinn og ein søt og krydra plommesaus er smakfull mat!