Smårettar & Snacks

Pizzabollar

[dropcap]E[/dropcap]in god pizzabolle med godt fyll og sprø botn er fin kveldskos, helgemat eller turmat. Pizzabollane har eit smakfullt fyll med kjøtdeig og god tomatsaus, nydeleg spekepølse, masse sprøstekt ost og luftig botn med sprø skorpe på undersida.

Laksetaco

[dropcap]T[/dropcap]aco er alltid godt og passar for både liten og stor. Stort sett blir den servert med kjøt, men no har den vanlege tacoen fått ein stor konkurrent på mitt kjøkken. Taco med fisk er saftig og smakfullt og eg byttar gjerne ut kjøtdeiga i tacoen med laksebitar når som […]

Mjuke minitortilla

[dropcap]D[/dropcap]esse heimelaga minitortillalefsene er mjuke og saftige og perfekte til å fylle med taco eller andre gode smårettar. Tortillalefsene slepp lang hevetid og går raskt å steike, men uansett så synest iallefall eg at det er verdt den tida det tek.

Ceviche med laks

[dropcap]C[/dropcap]eviche er ein slags salat av fisk og grønsaker som er marinert i sitrus og stammar frå Latin-Amerika. Min variant er laga med laks og er ein nydeleg og frisk rett som passar like bra som forrett, lunsj eller liten middag.

Focaccia med brie, fiken & rosmarin

[dropcap]D[/dropcap]enne gongen har det italienske brødet som vi alle er så glad i fått besøk av fransk brie, tørka fiken og fersk rosmarin. Enten du vil nyte dette med smør og litt salat ved sidan av eller bruke det som sandwich med god spekemat inni, så er smaken av dette […]

Quiche med røykalaks & asparges

[dropcap]V[/dropcap]årlig og smakfull quiche med skiver av god røykalaks, ferske aspargestoppar, vårløk og rosèpeppar som smakar nydeleg saman med grøn salat og syrleg vinaigrette. Dette er mat som passar ein solrik vårdag med sine friske fargar.

Sjokoladegranola

[dropcap]A[/dropcap]v og til er sjokoladetrangen så stor at det fristar til og med til frukosten. Denne heimelaga granolaen med sjokolade er kanskje ikkje den sunnaste, men litt luksus må ein vel kunne unne seg ein gong iblant, sjølv til frukost?

Focaccia-sandwich med ovnsbakte tomatar

[dropcap]L[/dropcap]ite slår eit godt stykke brød saman med godt pålegg og tilbehør. Denne sandwichen med heimelaga focacciabrød, ovnsbakte småtomatar, avokadomos, serranoskinke og mozzarellaost utgjer ein solid lunsj eller enkel middag til dagar der ein ikkje orkar for mykje kokkelering med gryter og panner.