Tilbehør

Heimelaga urtesmør

[dropcap]H[/dropcap]eimelaga urtesmør i dobbel forstand med masse gode urtar og kvitløk er enklare å lage enn du kanskje trur. Heimelaga smør er då unødvendig å lage vil du kanskje spørre? Nei, heilt klart ikkje spør du meg!

Tyttebærgelè

[dropcap]T[/dropcap]yttebær er sjølvsagt tilbehør til mange tradisjonelle rettar som for eks. kjøttkaker i brun saus og viltkjøt og gryter. Personleg er eg veldig glad i ripsgelè og ville derfor prøve å lage gelè av tyttebær.

Honningsmørbakte rotgrønsaker

[dropcap]D[/dropcap]ei norske grønsakene er på markedet igjen og fristar med sine friske fargar og gode smakar. Rotgrønsaker i ulike variantar passar til det meste og kan brukast som tilbehør på mange måtar. Desse rotgrønsakene er bakt i ovn saman med smør, honning, sitron og urtar og er det perfekte tilbehør […]

Rabarbra-& jordbærkompott

[dropcap]R[/dropcap]abarbra og jordbær smakar nydeleg saman og gir ein fin harmoni av syrleg og søt smak. Denne kompotten er frisk på smak med eit lite hint av krydder og er god på godt brød, vafler, pannekaker eller i yoghurt-eller dessertskåla.

Tomatknutar

[dropcap]T[/dropcap]omatknutar er småbrød som er forma som nettopp små knutar og har masse god smak av soltørka tomatar og eit lite hint av parmesan på toppen. Bruk dei som tilbehør til supper, salatar og tapas eller spis dei som dei er med ein god klatt smør.

Basilikum-vinaigrette

[dropcap]N[/dropcap]o som det snart er sommar er det også høgtid for grilling og lette middagar med mykje salatar. Då er det godt med ein lett og smakfull dressing eller vinaigrette som kan gi ekstra smak til måltidet.

Tapas- & smårettar til 17.mai

På lik måte som med alle kakene til nasjonaldagen er det også mange som skal ha med seg smårettar til forskjellige arrangement eller skal ha mange gjestar å servere. Då er det perfekt med smårettar og koldtbord som kan lagast kjapt og forberedast på førehand.