Chevre Chaud salat

[dropcap]S[/dropcap]alat med grilla baguette og chèvreost, valnøtter og ein syrleg vinaigrette. Herlege franske smakar som passar både som forrett eller lett lunsj.

Med ein god heimelaga baguette blir denne enkle retten ein nydeleg smaksopplevelse. Har du ikkje chèvreost tilgjengeleg kan du bruke andre kvitmuggostar som brie eller camembert istaden.

[recipe-foody]Ingrediensar til chèvresalat for 4 personar:

  • 1 god baguette (oppskrift som her, men forma til 6 avlange baguettar og steikt i ca. 20 min)
  • 200 g chèvreost
  • 1 stort kvitløksfedd
  • 75 g valnøtter
  • havsalt
  • 100 g grøn salatblanding
  • 1 liten rødløk, skjært i tynne ringar

Vinaigrettedressing:

  • 4 ss olivenolje
  • 2 ss trøffelolje
  • 4 ss hvitvinseddik
  • 1-2 ts estragon
  • 1 fedd kvitløk, finknust
  • salt & peppar

[/recipe-foody]

Skjær opp baguetten i ca. 1-2 cm tjukke skiver og legg den i ei tørr steikepanne på middels høg varme til den får litt farge, eller eventuelt rist skivene i ein brødristar. Del så kvitløksfeddet i to og gni inn den rista baguetteskiva med kvitløken.

Rist valnøttene i ei tørr og varm steikepanne til dei får litt farge og strø over havsalt. Bland saman grøn salat, valnøtter og rødløk i ein bolle.

Sett på grillfunksjon på steikeovnen. Skjær så tjukke skiver med chèvreost og legg oppå kvar av baguetteskivene. Sett baguette-og chèvreskivene inn i steikeovnen høgt oppe og la dei stå nokre minutter under grillelementa til osten tek farge og blir gylden i kantane. Følg godt med slik du ikkje brenn osten for mykje, dette går raskt.

Bland saman olivenolje, trøffelolje, hvitvinseddik, estragon og kvitløk i eit glas og smak til med salt og peppar.

DSC_0305

Server så den grøne salaten med valnøttene og rødløken og legg baguette-og chèvreskivene oppå og ringle over godt med vinaigrettedressingen over det heile.

DSC_0281

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*