Chocolate chip cookies med havsalt

[dropcap]S[/dropcap]eige, søte og salte kjeks med både kvit og mørk sjokolade og havsalt er ein sikker vinnar saman med eit glas kald melk ein trist regnværsdag.

Store amerikanske cookies med sjokoladebitar har vore ein gjengangar hos meg i mange år, men no har det blitt ei god stund sidan sist eg laga dei. Sidan det er trist og vått sommarvèr så passa det derfor å stå på kjøkkenet og gjere dagen litt søtare. No luktar det nydeleg av nysteikte varme cookies i heile huset her. Oppskrifta er enkel og full av gode kaloriar, men dette er ikkje plassen å halde igjen på nettopp det!

DSC_0221

[recipe-foody]Ingrediensar til ca. 26-28 store cookies:

  • 3 dl sukker
  • 3 dl demerarasukker
  • 300 g meierismør (gjerne romtemperert)
  • 2 ts vaniljeekstrakt
  • 3 egg
  • 10-11 dl hvetemel
  • 2 ts bakepulver
  • ½ ts salt
  • 200 g kokesjokolade (gjerne 50/50 med kvit og mørk som her)
  • maldonsalt til dryss på toppen

[/recipe-foody]

Forvarm steikeovnen til 200 ºC.

Bland saman sukker og smør og rør mjukt med ein K-visp i ei kjøkkenmaskin. Ha så i vaniljeekstrakt og egga eitt og eitt om gongen og bland godt mellom kvar gong. Ha så i hvetemelet, bakepulveret og saltet og rør godt til alt saman er godt blanda. Hakk opp sjokoladen i passelege bitar og bland inn i deiga slik at alt er fint fordelt.

DSC_0119

Bruk ei spiseskei og ta ca. to skeier med deig pr. kjeks og form til kuler som du setter på eit bakepapirkledt steikebrett. Det er lurt å ha god avstand mellom deigkulene då deiga vil flyte utover under steiking. Sett så brettet inn i ovnen og steik dei i ca. 10-12 minutter alt etter kor seige du vil ha dei. Når ca. halve steiketida har gått og dei har blitt ganske mykje flatare så strør du over litt maldonsalt på kvar av kjeksa og steiker vidare.

DSC_0144

Avkjøl kjeksa på steikebrettet og flytt dei fyrst når dei har blitt faste. Når du tek dei ut av ovnen vil dei gjerne sjå litt uferdige ut og virke litt rå, men dei stivnar fort til når dei er avkjølte. Om du vil ha litt meir sprø kjeks steiker du dei berre litt lenger. Her er det smak og behag som gjelder. Sjølv synest eg det er best når desse er seige og nesten litt rå.

DSC_0172

DSC_0204

Då gjenstår det berre å hente eit glas melk og nyte ferske heimelaga amerikanske cookies ♥

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*