Créme Brûlée med eit hint av hylleblomst

REKLAME/SPONSA INNLEGG

[dropcap]D[/dropcap]en klassiske desserten créme brûlée er den perfekte måten å avslutte eit godt måltid på. Den søte og fyldige desserten er noko dei aller fleste likar. Denne har fått ein ørliten smak av hylleblomst i seg og smakar etter mi meining utruleg godt!

Ein del vil nok synest at blomster i maten kan smake litt såpe-aktig, men eg veit at mange med meg likar smaken av blomster og synest det er ein spanande kontrast. Her i huset likar vi nemleg å utfordre smakane og eksperimentere litt. Hylleblomstsaft er min favoritt i i glaset og det er eg nok ikkje aleine om. Eg har brukt heimelaga hylleblomstsaft i denne oppskrifta, og det er nettopp her smaken på desserten vil kunne variere. Konsentrasjonen på safta mi er ganske sterk slik den smakar godt av hylleblomst. Så dersom du brukar ein saft som er svakare vil også smaken på hylleblomst i desserten bli noko svakare. Dette er uansett smak og behag kva ein synest er godt, og i denne desserten blir det uansett berre eit lite hint av hylleblomst. Server gjerne desserten saman med ferske bær som bringebær eller jordbær og nyt smaken av sommar!

Formene eg har brukt til desserten er laga av den dyktige keramikeren Ingrid Kristine Lund. Dei er ca. 13 cm i diameter, 3 cm høge og rommer 150 ml. Eg var så heldig å få teste ut desse og har du lyst på slike former sjølv er det berre å ta kontakt med henne og forhøre seg. Du finn nettstaden hennar og informasjon om utsalg på http://www.ingridkristine.no. Den rustikke stilen på produkta hennar passar fint inn i ein kvar heim og er rett og slett nydelege å sjå på. Formene er lave og breie og passar etter mi meining perfekt til crème brûlèe!

N5xCJ16ySw+R6CuTfqNgaQ_thumb_6fa9

f6mankKXTA2mA+GjRaI4Dw_thumb_6fa4
REKLAME: Flotte eldfaste former av Ingrid Kristine Lund, www.ingridkristine.no

[recipe-foody]Ingrediensar til ca. 4 porsjonar:

  • 3 dl kremfløyte
  • 1 ½ dl ublanda hylleblomstsaft (bruk gjerne heimelaga som har mykje smak)
  • 4 eggeplommer
  • ½ vaniljestong
  • 50 g sukker + ekstra sukker til karamellisering

[/recipe-foody]

Forvarm steikeomnen til 120 ºC.

Del vaniljestonga på langs og skrap ut frøa. Ha fløyte, hylleblomstsaft og vaniljestong-og frø i ein kjele og gi det eit lite oppkok. Trekk til sides og lat det stå og trekke i ca. 10-15 minutt. Ha eggeplommer og sukker i ein bolle og pisk det lyst og luftig. Varm forsiktig opp att fløyteblandinga til det akkurat når kokepunktet og fjern vaniljestonga. Hell ca. ein tredjedel av den varme væska over eggeblandinga under omrøring for å temperere egga og unngå at det koagulerer. Hell deretter resten av den varme væska over i eggeblandinga og bland godt saman. Hell blandinga over i 4 eldfaste former som rommer ca. 150 ml væske. Sett formene på eit steikebrett med høge kantar og hell varmt vatn i steikebrettet slik det når opp ca. halvveis oppover på formene. Sett brettet forsiktig midt inn i omnen og lat det steike i vannbadet i ca. 1 ½ time, til overflata på crème brûlèen har størkna, den er fast i kantane og framleis disser lett i midten. Avkjøl formene heilt og set dei gjerne i kjøleskapet til neste dag før du serverer. Rett før servering strør du eit godt lag med sukker på toppen av dessertane og bruker ein gassbrenner for å karamellisere sukkeret til du får ei sprø og gylden overflate. Har du ikkje gassbrenner kan du sette formene på øverste rille i steikeomnen under grillfunksjon. Men pass godt på for her kan det fort gå kun få sekund frå gylden karamell til brent katastrofe.

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*