Earl Grey- Granola

[dropcap]K[/dropcap]vardags-frukostane mine består svært ofte av gresk yoghurt eller annan type mjølkeprodukt toppa med ferske bær og heimelaga granola eller müsli. Lukta av Earl Grey-te gir meg umiddelbart kjensla av tidleg morgon og ein god start på dagen. Derfor er denne granolaen med eit lite hint av nettopp denne teen perfekt til dagens fyrste måltid.

Eg blir sjeldan lei av granola/frukostblanding/müsli eller kva du no enn vil kalle det, men smaken er grei å endre på inn i mellom for å få litt variasjon. Du vil nok ikkje nødvendigvis kunne smake at dette har preg av sterk Earl Grey, men derimot kjenne eit lite hint og få ein fin aroma til granolaen din. Porsjonen her rekk til eit passe stort glas og held seg fint nokre veker dersom det er tett glas.

yovHYauqSgWg+xvhfY4Yew_thumb_7610

[recipe-foody]Ingrediensar:

  • 2 dl eplejuice
  • 3 teposar Earl Grey
  • ½ dl rørsukker
  • ½ dl honning
  • 3 ss rapsolje
  • 6 dl havregryn
  • 1 dl valnøtter, grovhakka
  • 1 dl solsikkefrø
  • 1 dl sesamfrø
  • 1 ts vaniljesukker
  • 2 ts Earl Grey- te, i lausvekt

[/recipe-foody]

Forvarm steikeomnen til 175 ºC.

Ha eplejuice i ein kjele saman med teposane og gi det eit oppkok. Lat dette stå og trekke i ca. 15 minutt. Klem ut all væske frå teposane og kast dei. Tilset sukker, honning og rapsolje og varm opp igjen til sukkeret har smelta. Bland saman alle dei tørre ingrediensane i ein stor bolle. Hell over juice-blandinga og rør godt saman til alt er blitt fuktig og klissete. Fordel blandinga utover eit steikebrett med bakepapir og set midt i omnen. Rør rundt i blandinga med jamne mellomrom slik at det ikkje brenn seg og alt får farge. Lat steike i ca. 40-45 minutt, eller til blandinga har fått ein gylden farge og er blitt sprø (tida vil variere etter omnen). Dersom du ønsker enda meir klissete og knasande klumpar av granola kan du ringle over litt ekstra honning mot slutten av steiketida. Dersom granolaen ikkje blir heilt tørr kan du la den stå i omnen på ettervarme med døra på gløtt og tørke ut litt. Når det er heilt avkjølt og tørt kan du helle blandinga over på tett krukke eller glas.

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*