Eltefrie femkornbrød

[dropcap]E[/dropcap]ltefri brødbaking er noko eg stadig gjentek og resultatet blir alltid vellukka. Denne gongen ville eg lage litt meir grov og sunn bakst og då blei resultatet halvgrove brød med femkornblanding.

Oppskrifta er ein liten vri på eltefrie femkornsrundstykker som eg har laga tidlegare. Brødet blei saftig og godt på smak med herleg sprø skorpe. Oppskrifta held til to middels store brød.

OhdF55ZNTLW6%HYMPOJXtQ_thumb_7003

JfM5%rkqSm2YyHVXYVxsQw_thumb_6ffc

[recipe-foody]Ingrediensar til 2 brød:

  • 8 dl kveitemjøl
  • 5 dl sammalt kveite, grov
  • 2 ¾ dl femkornblanding (like mengder heilkorn av kveite, heilkorn av rug, solsikkefrø, sesamfrø og linfrø)
  • 2 ts salt
  • 1 ts tørrgjær
  • 7 dl vatn
  • nøytral steikeolje, til pensling
  • sesamfrø, solsikkefrø og linfrø, til pynt på brødet

[/recipe-foody]

Bland saman alle ingrediensane i ein bolle til ei klissete deig. Dekk med plastfolie og lat stå over natta eller minimum 8 timar.

Set to brødformer (som rommer ca. 2 liter kvar)på rist i kald omn og forvarm steikeomnen til 240 ºC. Strø eit godt lag med mjøl på kjøkenbenken og hell deiga ut. Bruk godt med mjøl på hendene og del deiga i to like emne. Form emna til to avlange brød. Dekk med kjøkenhandklede og lat kvile på benken i ca. 20 minutt.

Når omnen og brødformene er godt oppvarma tek du ut formene og penslar dei lett med litt olje. Strø frø i botnen på formene og legg deigemna i formene slik dei dekker botnen. Pensle med litt vatn på toppen og strø eit lag med frø over. Dekk formene med aluminiumsfolie og set inn i omnen. Lat steike i ca. 25 minutt. Deretter fjernar du aluminiumsfolien og steiker brøda vidare i ca. 15 minutt ekstra, til dei er sprø og godt gyldenbrune. Avkjøl i nokre få minutt før du tek dei ut av formene og avkjøler vidare på rist.

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*