Eltefrie gulrotrundstykker

[dropcap]S[/dropcap]aftige eltefrie rundstykker med gulrot er perfekte å starte dagen med og krever lite arbeid å lage. Sett av nokre minutt til å raspe gulrot å røre saman deiga kvelden før, så har du fersk bakst til frukost neste dag.

Å bruke gulrot i gjærbakst gjer at du får eit saftig resultat og ein mjuk konsistens. Desse rundstykka er like enkle å lage som alle andre eltefrie oppskrifter, men tek eit par minutt lenger å røre saman sidan du må raspe gulrota fyrst. Dei er uansett raske å lage og fell i smak hos dei aller fleste.

gcuknuzuqvigxlqy2inla_thumb_629e

[recipe-foody]Ingrediensar til 8 stk store gulrotrundstykker:

  • 4 dl fullkornsmjøl
  • 5 dl kveitemjøl
  • 2 ts salt
  • 1 ts tørrgjær
  • 1 ts akasiehonning
  • 1 stor gulrot, finreven
  • ca. 4 dl vatn

[/recipe-foody]

Kvelden før utbaking blandar du saman alle ingrediensane til du får ei relativt klissete og fast deig. Dekk bakebollen med plastfolie eller eit lòk og lat stå på kjøkkenbenken til neste dag.

Forvarm steikeovnen til 240 ºC med eit steikebrett eller ein pizzastein inni. Strø eit godt lag med kveitemjøl utover kjøkkenbenken og hell deiga ut på benken. Strø godt med mjøl over deiga og brett den saman til ei avlang pølse. Bruk godt med mjøl på bakeoverflate og hender medan du jobbar slik deiga ikkje klistrar seg til alt. Bruk ein kniv og del deiga inn i 8 like store emner. Brett deigemna saman til små rundstykker og strø mjøl over dei. Her er det ikkje nøye med om rundstykka verken er runde eller i same fasong, for dette skal sjå rustikt ut. La rundstykka kvile på benken i 10-15 minutt.

Strø litt kveitemjøl på det oppvarma steikebrettet/pizzasteinen og plasser rundstykka utover med litt mellomrom. Steik dei midt i ovnen i ca. 16-18 minutt, til dei er gyldne og sprø på toppen. Avkjøl litt på rist og nyt dei lunkne med godt pålegg.

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*