Eltefrie valnøttrundstykker

[dropcap]E[/dropcap]ltefrie og rustikke rundstykker med valnøtter er fine saker til både frokost og til å dyppe i suppa til middag. Aller best er dei nok heilt nystekte og rykande varme med smør på. Sprø og knasande skorpe, saftig innmat og nøttesmak. Treng eg seie meir?

Eltefrie og langtidsheva rundstykker og brød har liksom blitt ei greie det no. Ein avhengigheitsskapande form for brødbaking. For det blir faktisk såå godt. Desse rundstykka er baka på pizzastein, men har du ikkje det kan du berre bruke eit steikebrett i staden. Resultatet vil uansett bli luftige rundstykker med nydeleg skorpe.

DSC_0844

[recipe-foody]Ingrediensar til ca. 8 stk store valnøttrundstykker:

  • 6 dl hvetemel
  • 3 dl sammalt speltmel
  • 2 ts salt
  • ½ ts tørrgjær
  • 1 stor neve valnøtter, grovhakka
  • 4 ½ dl vatn

[/recipe-foody]

Bland saman alle ingrediensane i ein bakebolle og rør saman til ei fast og klissete deig. Dekk med plastfolie eller eit lokk og la stå i romtemperatur over natta eller i minst 8 timar.

Sett inn ein pizzastein i kald steikeovn og forvarm ovnen til 240 ºC. Strø godt med hvetemel på kjøkkenbenken og hell deiga utover og form den til ei avlang pølse som ikkje klistrar seg til benken. Del i ca. 8 like store emner og form dei til små bollar uten å trykke ut all lufta. Legg over eit kjøkkenhandklede og la dei stå og kvile i ca. 20 minutter.

Strø hvetemel på pizzasteinen og sett rundstykka på steinen og la dei steike i ca. 16-18 minutter, til dei er gyldne og sprø. Avkjøl på rist.

DSC_0857

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*