Eltefritt havrebrød

[dropcap]H[/dropcap]avre er ein fin måte å starte dagen på om det enten er i form av havregraut, brød eller frukostblanding. Her er havremjøl og havregryn benytta i eit eltefritt grytebrød.

Dei 2-3 ekstra minutta eg tok meg tid til å røre saman deiga på i går kveld får eg stor glede av neste dag når det berre er å sette på steikeovnen og vente. Dette saftige brødet inneheld havre som gir ein nøtteaktig smak, bidreg med fiber og mettar lenge. Ta deg nokre få minutter til å røre saman ei deig før du legg deg du også, så har du straks nystekt brød neste morgon. Brødet smakar forøvrig nydeleg saman med smør og brunost!

DSC_0461

[recipe-foody]Ingrediensar til eit rundt havrebrød:

  • 350 g kveitemjøl
  • 200 g havremjøl
  • 120 g store havregryn (evt. ruggryn)
  • 1 ts tørrgjær
  • 2 ts salt
  • 4 ½ dl vatn

[/recipe-foody]

Bland saman alt det tørre i ein bakebolle. Tilsett vatnet og rør saman til ei litt klissete deig med ein gaffel. Dekk bakebollen med lokk eller plastfolie og la stå på kjøkkenbenken over natta eller i minst 8 timar.

Neste morgon sett du inn ei jerngryte med lokk og forvarmar steikeovnen til 240 ºC. Strø utover litt kveitemjøl på kjøkkenbenken og hell deiga utover. Form deiga til eit rundt brød og dekk med eit kjøkkenhandklede og la det stå og kvile i ca. 20-30 minutter.

Når ovnen er varm og god kan du strø litt kveitemjøl i botnen på gryta og legge brødet forsiktig nedi. Strø over litt havregryn og legg på lokket igjen. La brødet steike i 30 minutter. Ta deretter av lokket og skru ned ovnstemperaturen til 220 ºC og la brødet steike vidare uten lokk i ca. 15 minutter ekstra. Avkjøl på rist.

DSC_0464 2

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*