Eple-& baconbrød

[dropcap]B[/dropcap]akst med fyll gir eit ekstra lyft til brødmåltidet og kan sette smak på det som ellers smakar ganske lite. Dette brødet har bitar av saftige norske epler og sprøsteikt bacon i seg, så her får brødet ekstra smak frå både det syrlege og salte.

Det å eksperimentere med brødbakst og tilsette ulike smakar kan vere med på å utfordre fantasi og smaksløkar. Dei norske epla er med sin søte og friske smak heilt perfekte å tilsette i gjærdeig for å få saftig bakverk, så om du er glad i å prøve nye ting er det berre å sette i gong med bakinga. Brødet smakar også nydeleg saman med gode ostar og friske bærgelèar.

dsc00878

[recipe-foody]Ingrediensar til to stk. middels store brød:

  • 700 g kveitemjøl
  • 150 g fullkornsmjøl
  • 150 g sammalt spelt
  • 15 g gjær
  • 20 g salt
  • 6 dl lunka vatn
  • ca. 2 stk raude epler (helst norske)
  • 100 g bacon, i skiver

[/recipe-foody]

Bland saman alt mjølet (hald tilbake litt på kveitemjølet) og ha i gjær og salt og bland godt. Tilsett vatnet og elt deiga godt i maskin eller for hand til den er elastisk og glatt. Juster med meir mjøl etter behov. Legg deiga i ein bakebolle og dekk til med plastfolie. Sett til heving til dobbel størrelse, ca. èin times tid.

Medan deiga hevar kan du steike baconskivene til dei er sprø og gyldne. Sett deretter tilsides. Skrell eplene og skjær dei i små terningar. Legg epleterningane i vatn med litt sitronjuice i slik dei ikkje blir brune på farge.

Hell den ferdigheva deiga ut på kjøkenbenken. Del baconskivene opp i små bitar og tilsett i deiga saman med epleterningane (hell av vatnet) og kna det forsiktig inn i deiga. Del deiga inn i to like store emner som du formar til to ovale brød. Sett på bakepapirkledd steikebrett og la etterheve til dei har dobla seg i størrelse, ca. 45 minutter.

Forvarm steikeovnen til 240 ºC. Sett brøda midt inn i ovnen og la steike i 10 minutt. Skru deretter ned temperaturen til 200 ºC. La brøda steike vidare i ca. 20-25 minutter, eller til dei er gyldne på farge og har fått ei sprø skorpe. Dersom brødet blir alt for raskt brunt kan du skru ned temperaturen på steikeovnen enda litt til. Avkjøl på rist.

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*