Fiskebollar med rotmos & kvit saus

[dropcap]F[/dropcap]iskebollar i kvit saus med karri vekker vel kjære minner frå barndommen hos oss alle, og like aktuell er middagsretten den dag i dag. Berre at no kjem den ikkje frå boks lenger i min heim.

[recipe-foody]Ingrediensar til fiskebollar med rotmos & kvit saus:

Fiskebollar:

  • 400 g fersk torsk/sei/hyse (bruker du fisk som har vore fryst vil den ikkje henge saman like godt)
  • 2 små sjalottløk
  • 1 egg
  • 1 ½ dl melk
  • 1 ss potetmel
  • 1 ts salt
  • ½ ts muskatnøtt, malt
  • 1 l fiskekraft

Rotmos:

  • poteter
  • gulrot
  • persillerot
  • kålrot
  • smør

Kvit saus:

  • 1 ½ ss smør
  • 3 ss hvetemel
  • 5 dl heilmelk
  • 1 dl fiskekraft
  • 1 ss persille
  • sitronsaft
  • salt & peppar

[/recipe-foody]

Finhakk sjalottløken og ha den saman med fisken i ein foodprocessor og kjør til det har blitt heilt most. Ha så i egget, melka og krydderet og kjør til massen har blitt til ein tjukk purè. Ha så i potetmelet og kjør blandinga litt til. Kok så opp fiskekrafta i ein stor kjele og sett deretter ned varmen. Form passelege fiskebollar med hendene eller to skeier og litt vatn og slepp dei forsiktig ned i krafta og la dei trekke til fiskebollane er gjennomkokte og varme.

Hakk grønnsakene opp i små terningar og kok dei møre i vatn. Her har eg ikkje skreve opp noko mengde med type rotgrønnsaker fordi eg alltid bruker å ta det eg har i kjøleskapet. Så her kan du velge sjølv kva og kor mykje du vil bruke. Når dei er ferdigkokte heller eg av vatnet og moser dei med ei potetstappe. Smak så til med salt og peppar.

For å lage kvit saus smeltar du smøret forsiktig i ein kjele på medium varme og har så i hvetemelet. Rør godt rundt medan du tilsetter melka litt og litt. La så sausen varme seg opp og tjukne under stadig omrøring. Tilsett 1 dl av fiskekrafta frå fiskebollane og la sausen putre litt til. Smak så til med persille, sitronsaft, salt og peppar.

Server så fiskebollane med rotmosen, kvit saus og gjerne litt grønt ved sidan av. Gløym for all del ikkje karri til å drysse over fiskebollar og saus!

DSC_0854

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*