[dropcap]F[/dropcap]iskegryte med asiatiskinspirerte smakar er både lettvint og smakfull kvardagsmat. Gryta inneheld også ein del chili for deg som er glad i litt ekstra sting i maten.
I denne gryta har eg brukt hysefilet, men her kan du sjølv variere fisketypen etter ønske og kva du har tilgjengeleg. Både torsk, hyse og laks fungerar for eksempel flott i denne retten. Grønnsakene kan du også sjølv variere etter kva du har i kjøleskapet og kryddermengda justerer du etter kor sterk du likar maten. Eg sjølv er glad i sterk mat og synest det smakar godt med litt skarp ettersmak av chili.
[recipe-foody]Ingrediensar til fiskegryte for 4-6 personar:
- 1 løk, kutta i strimlar
- ½ rød chili, finhakka
- 1 stor gulrot, kutta i strimlar
- 1 ½ dl fiskekraft (evt. 1 ½ dl vatn + 1 fiskebuljongterning)
- 600 ml kokosmelk
- 1-2 små vårløk, kutta i ringar
- ½ rød paprika, kutta i strimlar
- minimais, i bitar
- vannkastanjer, i skiver
- 1 neve sukkererter
- 2 ½ ts ingefærpulver
- 1 ½ ts chilipulver
- 2 ½ ts paprikapulver
- 2 ½ ts tørka korianderblad
- 1 lime, safta
- ¾ dl gresk yoghurt
- ½ dl kokosmasse
- 400 g fisk i terningar (torsk/laks/hyse etc. )
- salt & peppar
[/recipe-foody]
Kutt løk og gulrot i tynne strimlar og finhakk chilien. Surr så dette eit par minutter i ei gryte med litt olivenolje. Ha så i fiskekraft og kokosmelk og la det koke opp. Tilsett så alt krydderet og yoghurten og smak til med limesaft og salt og peppar. Så har du i minimais, paprika, vårløk, vannkastanjer og sukkererter og lar det småputre på lav varme i 1-2 minutter. Rett før servering har du i kokosmasse og fisken og lar den trekke med i 3-5 minutter.
Server så gryta med litt frisk koriander over og gjerne med godt brød og smør til. Enkel og smakfull gryte som varmar!