Flate brød med oliven & goudaost

[dropcap]D[/dropcap]ette brødet fekk eg inspirasjon til å lage frå ein ferie i Frankrike. Herleg sprø kantar, mjuk kjerne og smakfulle oliven og sprøstekt ost på toppen.

DSC_0420

I trange små brosteinsbelagte gater i ein liten landsby oppover fjellsida frå sjøen langs den franske rivieraen dukka det opp eit lite bakeri med godt handverksbrød. Då var det klart ein måtte kjøpe seg noko og sette seg ned i ei trapp som gav utsikt nedover og ut mot havet og nyte. Kanskje var eg veldig svolten i det augeblikket, kanskje var det utsikta og atmosfæra rundt, kanskje var det smaken av brødet, eller rett og slett alle desse faktorane til saman som gjorde at dette fantastiske og enkle brødet fortsatt sitt godt i minnet.

[recipe-foody]Ingrediensar til 3 flate brød med oliven & goudaost:

Brøddeig:

  • 10 g fersk gjær
  • 420 g hvetemel + ekstra til kjøkkenbenken
  • 50 g durumhvetemel
  • 50 g sammalt grovt rugmel
  • 10 g salt
  • 350 g vatn

Topping:

  • 130 g grøne oliven, skjært i skiver
  • 150 g goudaost, riven

[/recipe-foody]

Ha alt det tørre til brødet i ein bakebolle og smuldre opp gjæren med fingrane over melet. Hell i vatnet og rør rundt med ei deigskrape til du får samla alt til ein deig. Ha deiga ut på kjøkkenbenken. Deiga er no ganske så klissete, men det skal den også vere. Bruk krafta i armane og strekk og kna i deiga og bruk handflatene til å skyve ifrå deg deiga og kna den tilbake. Kna og jobb med deiga slik i 5-10 minutter. Når deiga begynner å samle seg meir og meir og bli fastare og smidigare og du har fått jobba opp glutenet i deiga, kan du ha litt hvetemel på benken og samle deiga til ein stor bolle og legge til heving i banneton (brødhevekorg) med linklede over eller i ein bakebolle med plastfolie. La deiga heve til dobbel størrelse.

Forvarm steikeovnen til 250 ºC med ein pizzastein eller eit steikebrett inni.

Del deiga i tre like store emner og form dei runde og la ligge og kvile litt. Når ovnen er varm trykker du deigemna ut til ca. 1 cm høge ovale brød. Ta ut pizzasteinen/steikebrettet og strø med litt hvetemel, legg på deigemna og strø over med oliven og ost på toppen og sett raskt tilbake inn i ovnen igjen. Her er det viktig at du jobbar raskt slik at ikkje steinen mistar varmen. Skru ned ovnstemperaturen til 230 ºC og la brøda steike i ca. 15 minutter, til dei er sprø i kantane og osten er sprø og gylden. Avkjøl på rist.

DSC_0390

Brøda er fine til ein lunsj med litt spekemat og salat, til tapas eller også som tilbehør til gode supper.

DSC_0413

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*