Focaccia-sandwich med ovnsbakte tomatar

[dropcap]L[/dropcap]ite slår eit godt stykke brød saman med godt pålegg og tilbehør. Denne sandwichen med heimelaga focacciabrød, ovnsbakte småtomatar, avokadomos, serranoskinke og mozzarellaost utgjer ein solid lunsj eller enkel middag til dagar der ein ikkje orkar for mykje kokkelering med gryter og panner.

Ovnsbakte tomatar er superenkelt å lage og gir tomatane ein nydeleg sødme og smaksrik aroma. Varmebehandlinga av tomatane saman med god olivenolje, balsamico og urter gjer at du nesten kan kjenne smaken av det solrike Middelhavet på tunga. Focacciaen eg har brukt til sandwichen er den samme som eg har laga i dette innlegget, men olivenane er bytta ut med soltørka tomatar for litt variasjon.

[recipe-foody]Ingrediensar til focaccia-sandwich for 4 personar:

  • 4 firkanta stykker med focacciabrød, gjerne etter oppskrift her

Ovnsbakte tomatar:

  • 300 g smakfulle småtomatar i klase(dulcita/piccolo/cherry)
  • 2-3 ss olivenolje
  • 2-3 ss balsamico
  • 1 ts tørka basilikum
  • havsalt

Tilbehør:

  • grøn salatblanding
  • 4 skiver serranoskinke
  • 150-200 g mozzarella
  • 2 modne avokado
  • chiliflak
  • sitronsaft
  • salt & peppar

[/recipe-foody]

Forvarm steikeovnen til 150 ºC.

Legg tomatklasen i ei ildfast form og ringle over olivenolje og balsamico. Strø over basilikum og sett midt i steikeovnen. La tomatane stå i i ca. 1 -1 ½ times tid. Dei er ferdige når dei har skrumpa saman og blitt mjuke og sprukke opp litt her og der slik safta kjem ut. Strø over litt havsalt og skrap gjerne opp safta som har lagt seg i forma og ha over tomatane slik du får med all smak.

Rett før tomatane er ferdige kan du sprøsteike serranoskinka i ei steikepanne og skjære opp mozzarellaosten i skiver. Varm opp focacciabrødet i steikeovnen i nokre minutter slik det blir lunt og godt. Samtidig kan du skrape ut fruktkjøtet frå avokadoane og ha det i ei skål. Skvis over litt sitronsaft og krydre med salt og peppar. Bruk ein gaffel til å mose avokadoen grovt.

Del foccaciabrødstykka i to slik du får botn og topp. Legg på grøn salat på botnen og fordel litt avokadomos utover. Strø på nokre chiliflak og legg deretter ei skive serranoskinke oppå. Topp til slutt med nokre skiver mozzarella og ovnsbakte tomatar og toppen av focacciabrødet til slutt.

DSC_0312

2 Kommentarar

  1. Jeg serverte dette til lunsjgjester igår, og for et måltid det ble! Stor sukess, og jeg gleder meg allerede til neste gang 🙂

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*