Fougasse

[dropcap]F[/dropcap]ougasse er eit fransk brød som har sin opprinnelse langt tilbake i tid i romerriket. Brødet er det franske motstykket til den italienske focacciaen og er eit flatt brød som liknar på eit blad og er fylt med for eks. urtar og oliven eller anna godt.

Fougasse skal vere sprøtt på utsida og ha ei luftig innside. Tjukkelsen på brødet kan du variere litt etter korleis du likar det sjølv. Eg ville ha ganske sprø og tynne brød så trykte dei derfor ganske flate. Brødet har god smak av urtar og oliven og smakar nydeleg saman med gode dressingar og salatar. Prøv det også gjerne saman med hummus, tzatziki, tapenade eller andre dippar.

DSC_0262

[recipe-foody]Ingrediensar til 2 stk fougasse:

  • 1 ts tørrgjær
  • 2 ¾ dl lunka vatn
  • 400 g kveitemjøl
  • ¾ ts salt
  • 1 ss fersk rosmarin, grovhakka
  • 1 ss fersk timian, grovhakka
  • 1 ss fersk salvie, grovhakka
  • 2 ss olivenolje
  • 2 ss svarte oliven, grovhakka

[/recipe-foody]

Ha tørrgjæra i ein bolle og hell over det lunka vatnet. La det stå i 5 minutters tid slik at gjæren blir aktivert. Ha deretter i mesteparten av kveitemjølet, salt, rosmarin, timian, salvie og olivenolje og elt deiga godt i ca. 10 minutter. Tilsett oliven og eventuelt resten av kveitemjølet etter behov. Elt vidare i eit par minutter ekstra til du har ei glatt og smidig deig. Smør inn bakebollen med olivenolje, form deiga til ein ball og legg den nedi til heving i ca. 1 time, til dobbel størrelse.

Forvarm steikeovnen til 230 ºC. Smør inn eit steikebrett med litt olivenolje eller bruk bakepapirkledd steikebrett om du heller vil det. Ved å steike på brett med olivenolje får du ei enda meir sprø steikeskorpe.

Del deiga i to emner og form dei runde. Legg den eine tilbake i bakebollen og la kvile. Form den andre til ein oval sirkel og trykk deiga lett ut med fingrane slik at du beheld ein del av luftlommene i deiga. Når du har fått den så tynn som du vil ha den (ca.1-2 cm) så legger du den over på steikebrettet med olivenolje. Bruk ein kniv og skjær eit snitt på langs midt gjennom brødet slik du får eit hòl i midten uten at du delar deiga i to. Skjær deretter tre snitt på kvar side av det lange. På denne måten får du eit bladliknande brød. La det kvile nokre minutter før du steiker det i forvarma ovn i ca. 15-20 minutter, til brødet er sprøtt og gyldent. Avkjøl på rist. Gjenta så med neste deigemne.

DSC_0273

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*