Frittata med asparges & spekepølse

SPONSA INNLEGG

[dropcap]F[/dropcap]rittata er ein rustikk italiensk omelett som kan inneholde kjøt, ost, grønsaker eller til og med pasta. Her har eg laga ein omnsteikt versjon med fersk asparges, erter og spekepølse frå Tind.

Frittata er ein enkel og mettande rett som passar like godt til lunsj, middag eller kvelds. Fyllet kan du sjølv velje ut ifrå innhaldet i kjøleskapet eller det du måtte ha lyst på. Frittataen blir saftig og smakfull og smakar nydeleg saman med grøn salat og vinaigrette dersom du vil ha noko attåt. Den smakfulle spekepølsa med sydlandske urter frå Tind Spekemat gir det lille ekstra til retten.

52wdLGesQgOwFkyYTFQo4w_thumb_6e89

[recipe-foody]Ingrediensar til frittata for ca. 4 personar:

  • 5 egg
  • 2 ½ dl mjølk
  • 1 dl riven ost (gjerne smakfull ost som cheddar eller liknande)
  • 1 sjalottløk
  • 10 grøne asparges
  • 50-60 g Tind speka pølse med sydlanske urter
  • 1 neve grøne erter
  • fersk basilikum
  • salt & pepar

Tilbehør:

  • riven parmesan
  • grøn salat
  • evt. vinaigrette

[/recipe-foody]

Forvarm steikeomnen til 180 ºC.

Bland saman egg, mjølk, ost og fersk basilikum i ein bolle. Smak til med salt og pepar og set til sides. Varm opp litt olivenolje i ei steikepanne. Hakk sjalottløk i strimlar og la det surre eit par minutt i panna. Skjær spekepølse i halvmånar og ha det i panna. Del asparges i passande bitar eller del dei gjerne i to på langs og ha i panna. Bland det godt saman og trekk panna frå varmen. Hell over egg-blandinga i panna og strø ertene utover. Set panna (sørg for å bruke ei som toler omn) på rist midt i steikeomnen og la steike i ca. 35 minutt, til frittataen har stivna og blitt gylden. Server retten saman med litt grøn salat og vinaigrette dersom du ønsker det.

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*