Fylt baconsurra svinefilet & blomkålpurè

[dropcap]S[/dropcap]vinefilet med godt eplefyll surra inn i baconstrimlar og servert med fløyelsmjuk blomkålpurè og fersk spinat er god helgemat som går kjapt å lage!

Med ei kasse smakfulle norske epler gjeld det å finne nye måtar å bruke dei på i matlaginga for å utnytte den gode smaken. Denne gongen ville eg prøve å inkludere dei i ein middagsrett. Den søte og friske smaken er super saman med det salte og får fram det lille ekstra. Retten er slett ikkje avansert å lage og du brukar ikkje lange tida på å kokkelere fram det herlege helgemåltidet.

[recipe-foody]Ingrediensar til fylt baconsurra svinefilet & tilbehør for ca. 4 personar:

Fylt svinefilet:

  • 600 g ytrefilet av svin
  • 2 medium små sjalottløk
  • 2 medium store epler ( helst norske)
  • 70 g champignonsopp
  • 1 ts tørka salvie
  • 1-2 ts dijonsennep
  • 1 neve valnøtter, grovhakka
  • 2 ss matfløte
  • smør
  • salt & peppar
  • ca. 150 g bacon, i tynne skiver

Blomkålpurè:

  • 1 stort blomkålhovud
  • mjølk
  • smør
  • ei klype muskatnøtt, malt
  • salt & peppar

Tilbehør:

  • 1 pk fersk spinat
  • cherrytomatar
  • pinjekjerner
  • sitronsaft

[/recipe-foody]

Forvarm steikeovnen til 170 ºC. Tørk av svinefileten og skjær eit snitt i den på langs utan å skjære heilt igjennom slik at du kan brette ut fileten til ein firkant. Skjær to nye snitt på kvar side på samme måte slik at du på denne måten har eit stort rektangel på ca. 1- 1 ½ cm tjukkelse. Bank utover svinefileten litt med ei kjøtklubbe og gni inn fileten med salt og peppar på begge sider.

Skjær epler, sjalottløk og sopp i veldig små terningar og steik det mjukt og gyldent i ei steikepanne med litt olivenolje. Ha i salvie, sennep,  grovhakka valnøtter, matfløte og ein klatt smør og rør godt rundt. Smak til med salt og peppar. Fordel eplefyllet i ei lang remse på langs på midten av svinefileten og rull inn kjøtet frå sidene slik at du får ein slags sylinder. Stram svinekjøtrullen godt saman og surr baconstrimlane rundt fileten slik du pakkar den inn frå ende til ende. Bruk litt kjøkkenhyssing og surr rundt kjøtet slik at alt er stramt festa saman. Smelt litt olivenolje og smør i steikepanna og brun kjøtet på alle sider på høg temperatur slik du får ei fin steikeskorpe. Ta vare på steikefettet i steikepanna slik du kan bruke det til å steike spinaten i seinare. Legg over svinefileten i ei ildfast form og sett inn i steikeovnen og la den stå i ca. 15-20 minutter.

Skjær blomkålen i små buntar og ha i ein kjele og fyll på med mjølk til du nesten dekker blomkålen. Kok opp og la det småputre til blomkålen er heilt mør. Hell så av det meste av mjølka og bruk ein stavmiksar til å mose blomkålen til ein glatt purè saman med litt smør. Smak til med muskatnøtt, salt og peppar.

Når kjøtet er ferdigstekt kan du ta det ut av ovnen og la det kvile litt før servering, ca. 5-10 minutter. Varm opp steikepanna du brukte til å brune kjøtet og ha i fersk spinat i restane frå steikefettet. La det surre til spinaten krympar saman. Skjær cherrytomatar i to og ha i saman med spinaten. Smak evt. til med litt meir salt og peppar om det trengs og skvis litt sitronsaft over.

Skjær svinefileten i 1-2 cm tjukke skiver og server saman med blomkålpurè, spinat-og cherrytomatblanding og strø til slutt litt pinjekjerner over. Enkelt, smakfullt og lett!

DSC_0757

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*