[dropcap]S[/dropcap]eige amerikanske cookies med mjuk kjerne, sprø kantar og sjokoladebitar er noko av det beste eg kan få av småkaker. Eg har lenge hatt lyst å få til ein glutenfri variant av desse og etter eit par forsøk fekk kjeksa akkurat den seige konsistensen eg ønska.
Store og seige amerikanske sjokoladecookies er noko av det eg har baka aller mest til kosekveldar og saman med vennegjengen. Dei er alltid like populære og smaken kan du variere med ulike smakstilsetjingar. Er du som meg synest du kanskje at det er svært godt å småspise på cookiedeig og denne glutenfrie varianten gjekk så absolutt igjennom med godkjent karakter også på det punktet. Deiga er aller best å jobbe med etter å ha fått stå i kjøleskapet nokre timar og gjerne over natta før steiking. Så her er det berre å setje i gong med bakinga!
[recipe-foody]Ingrediensar til ca. 18-20 stk. cookies:
- 250 g Semper lys mjølblanding
- 150 g Toro lys mjølblanding
- 100 g fullkorn rismjøl
- 250 g sukker
- 200 g brun farin
- 2 ss maizena
- 1 ts natron
- 1 ½ ts bakepulver
- 1 ts vaniljesukker
- ¾ ts salt
- ½ ts fiberhusk
- 200 g smør, romtemperert
- 2 middels store egg
- 150 g mørk kokesjokolade
[/recipe-foody]
Bland saman alt det tørre i ein bolle til det er jamnt fordelt. Ha i egg og romtemperert smør i små terningar og kjør i kjøkkenmaskin til smøret har blanda seg godt inn i det tørre og du har fått ei samanhengande og fast deig. Grovhakk sjokoladen og bland den godt inn i deiga. Form deiga til ein stor klump og pakk den godt inn i plastfolie. Legg kaldt i kjøleskap i nokre timar eller gjerne over natta.
Forvarm steikeomnen til 175 ºC.
Del opp deiga og kna saman til store runde bollar på størrelse med ein stor golfball (ca. 2-3 ss med deig pr. kjeks). Set på bakepapirkledd steikebrett med god avstand mellom kvar. Desse kjeksa flyt ein del utover og blir ganske store, så eg vil anbefale å ikkje setje meir enn 5-6 stk. på steikebrettet i gongen. Steik midt i omnen i ca. 15-17 minutt (avhengig av størrelsen). Kjeksa skal ha blitt ein god del flatare og vere sprø i kantane. Dei vil sjå noko uferdige ut når du tek dei ut, men dei stivnar raskt til etter avkjøling. Avkjøl på brettet før du flyttar på dei. Oppbevar i tett boks i frysaren for å behalde den seige konsistensen (om du klarer å spare nokon).