Januar byr ofte på ein ny og frisk start i matveien for dei fleste. Etter jula freistar det med sunne og lettare måltid. Granola var det eg starta året med og er eit super utgangspunkt for ein sunn frukost.
Denne granolaen er laga med havregryn og bokkveiteflak, og er derfor også eit glutenfritt alternativ. Dadlar og lønnesirup er brukt som søtning og gir dermed granola-blandinga ein mild og fin søtsmak. Er du glad i dadlar generelt vil dette garantert falle i smak. For deg som er meir skeptisk til dadlane, så kan eg seie at du ikkje merkar det noko særleg i det ferdige resultatet.
[recipe-foody]Ingrediensar:
- 18 stk dadlar (saftige store, utan stein)
- 150 g havregryn (bruk glutenfrie om du skal ha glutenfri granola)
- 150 g bokkveiteflak
- 60 g mandlar, hakka
- 50 g kokosmasse
- ei klype havsalt
- 2 ss rapsolje
- 2 ss lønnesirup
[/recipe-foody]
Forvarm steikeomnen til 150 C varmluft. Legg dadlane i blaut i kaldt vatn i ca. 10 minutt.
Hell av vatnet på dadlane og fjern steinane. Ha dadlar og rapsolje i ein stavmiksar og kjør til purè. Bland saman havregryn, bokkveiteflak, mandlar, kokos og havsalt i ein stor bolle. Hell daddel-purè og lønnesirup over alt det tørre og bland det godt saman med ei sleiv. Når du har fordelt det jamnt saman slik alt er blitt fuktig og legg seg i klumpar kan du fordele massen jamnt utover eit bakepapirkleidd steikebrett. Set midt i forvarma omn og lat steike i ca. 20 min, eller til det er blitt gyllent og sprøtt. Rør i det innimellom for å få det jamnt steikt. Avkjøl heilt på brettet før du har det over på tett glas eller krukke.