Grøn pesto

[dropcap]D[/dropcap]et fins mange gode pestoar å få kjøpt i litt finare gourmetbutikkar og også enkelte daglegvarebutikkar, men ingenting slår ein heimelaga pesto med heilt ferske urter.

Denne pestoen har ein liten vri som gjer den ekstra smakfull, nemleg valnøtter i tillegg til dei vanlege pinjekjernene. Skal du fyrst lage pestoen sjølv frå botnen av vil det også lønne seg å investere eit par kroner ekstra på råvarene. Ein god olivenolje og parmesanost har alt å seie for resultatet.

Pesto har også eit breidt bruksområde og egnar seg både i salatar, gjærdeig, som tilbehør til ost, saman med pålegget i sandwichen, i dressingar, til pastarettar og som marinade eller topping på biffen.

[recipe-foody]Ingrediensar til eit glas pesto:

  • 1-2 planter basilikum (2 små eller 1,5 store planter, evt. kan du bytte ut litt med fersk spinat)
  • 30 g pinjekjerner
  • 30 valnøtter
  • 2 fedd kvitløk
  • 60 g reven Parmagiano Reggiano (eller annan liknande ost)
  • 1 dl god olivenolje
  • 1 ts sitronsaft
  • salt & peppar etter smak

[/recipe-foody]

Fyrst tar du pinjekjernene og valnøttene i ei tørr steikepanne og ristar dei på middels varme til dei blir gyldne. Ha så kjerner og nøtter over i ein blender og kjør det til det blir finkorna. Deretter har du i grovkutta kvitløksfedd, den revne parmesanosten, sitronsaft og blada frå basilikumplantene. Kjør til massen blir godt blanda og ha så i olivenolje til du synes pestoen har fått ein passe grøtete konsistens. Smak så til med salt og peppar.

 

Ha så over på eit tett norgesglass eller liknande og hell over eit lite lag olivenolje på toppen. Oppbevarer du pestoen i kjøleskap held den seg i ei vekes tid.

DSC_0993

Ein kommentar

  1. Pingback: Brødkrans med pesto og spekeskinke - Med hjerte for mat

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*