Grytebrød

[dropcap]G[/dropcap]rytebrød er kanskje verdas enklaste brød å lage. Deiga rører du saman kvelden før på nokre minutter og neste morgen er det berre å sette på steikeovnen og varme opp ei jerngryte med lokk. Så gjenstår det å vente litt og vips så har du heilt ferskt og varmt brød til frukosten.

Grytebrøda kan du  også variere med type melsortar og tilsette frø eller nøtter etter ønske. Brøda blir saftige, luftige og har ei herleg sprø skorpe. Dette brødet har eg laga mange gongar og variert grovheita på etter behov. Denne gongen har eg laga eit litt grovare brød og i tillegg tilsatt valnøtter som gir ein fin kontrast i brødet.

[recipe-foody]Ingrediensar til grytebrød med valnøtter:

  • 225 g fullkornshvetemel
  • 200 g hvetemel + litt ekstra til utbaking
  • 1 ts tørrgjær
  • 2 ts salt
  • 1 ss akasiehonning
  • 55 g valnøtter, grovhakka
  • 4 dl vatn

[/recipe-foody]

Rør saman alle ingrediensane til ei litt klissete deig i ein bakebolle. Dekk bakebollen med lokk eller plastfolie og la stå på kjøkkenbenken over natta.

Neste morgen sett du ei jerngryte med lokk inn i kald steikeovn og skrur ovnen på 240 ºC. Sjølv brukar eg mi trufaste Le Creuset gryte til grytebrøda. Strø eit tjukt lag med hvetemel på kjøkkenbenken og hell deiga ut av bakebollen. Brett deiga inn mot midten på alle sider og dra med ein del av melet slik at deiga ikkje klistrar seg fast i fingrane og benken lenger. Form deiga til ein rund leiv og la den kvile litt på benken. Når ovnen er varm tar du av lokket på gryta og strør litt hvetemel i botnen på gryta. Legg brødet ned i gryta og strø litt ekstra hvetemel på toppen. Legg på lokket igjen og la brødet steike i 30 minutter. Når det har gått 30 minutter tar du av lokket og lar brødet steike utan i ca. 10-15 minutter ekstra, til brødet er gyldent og har fått ei sprø skorpe. Avkjøl litt på rist og server nystekt brød med godt pålegg. Enkelt og utruleg godt!

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*