Gulrotbrød

[dropcap]B[/dropcap]rød med gulrot blir saftige og gode på smak og er ein flott måte å få i seg meir grønsaker på. Denne oppskrifta gir to middels store brød proppfulle med næringsstoff.

Brødet inneheld ein god del fiber og vitamin og mineral frå gulrot, så her har du eit flott kvardagsbrød som både mettar og gir næring. Brødet kjem ut som grovt brød på brødskalaen og er derfor eit godt alternativ. Bruk gjerne brødskala-kalkulatoren på opplysningskontoret for brød og korn sine nettsider når du skal bake brød og lurer på kor grovt brødet ditt er. Den er eit fint verktøy å bruke for å finne ut om du får i deg nok fiber når du vel deg ei oppskrift til det daglege brødmåltidet.

cgqwhuergwpm1vrpdx0xg_thumb_6284

[recipe-foody]Ingrediensar til 2 middels store gulrotbrød:

  • 4 dl romtemperert vatn
  • ½ pk ferskgjær
  • 1 ss honning
  • 3 dl kefir
  • 1 ts salt
  • ca. 10-11 dl grovt sammalt kveitemjøl
  • 5 dl kveitemjøl
  • 2 store gulrøtter, revne

[/recipe-foody]

Rør ut gjæren i vatnet saman med honning. Bland inn kefir og salt og mesteparten av mjølet. Elt deiga godt saman i nokre minutt. Tilsett dei revne gulrøttene og elt deiga vidare. Ha i meir kveitemjøl etter behov. Når deiga er blitt glatt og smidig sett du den til heving på ein lun stad i ca. 1 times tid eller til dobbel størrelse.

Smør to brødformer som rommer ca. 1 ½ liter kvar. Del den ferdig heva deiga i to like store emner. Form emna til to små avlange brød og legg i brødformene. Dekk til og la etterheve i ca. 45 minutt.

Forvarm steikeovnen til 200 ºC. Pensle brøda med litt vatn på toppen og strø gjerne over litt solsikkefrøkjerner. Steik brøda på rist midt i ovnen i ca. 30-35 minutt, til dei er gyldne og lagar ein hul lyd når du bankar på toppen av brøda. Avkjøl på rist.

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*