Halvgrovt olivenbrød

[dropcap]E[/dropcap]it godt brød med oliven er kjærkoment tilbehør til både supper og gryter og smakar nydeleg for seg sjølv også. Dette brødet er stekt i jerngryte og blir saftig og godt med ei fantastisk sprø skorpe på utsida og ein herleg smak av oliven.

Dei fleste brød som er stekt i gryte no om dagen er av dei populære eltefrie brøda som går som ein farsott rundt om i verda. Eg har sjølv lagt ut ei oppskrift på den typen eltefritt grytebrød tidlegare, men akkurat dette brødet er ei vanleg brødoppskrift som eg ville ha den tilsvarande gode og sprø skorpa på. Ved å steike brødet i ei jerngryte med lokk får du nettopp denne sprø skorpa samtidig som at brødet blir saftig og luftig. Eg har kun laga olivenbrød med lyst mel tidlegare, men denne gongen inneheld brødet litt grovt speltmel som gir det litt meir fiber og smak.

[recipe-foody]Ingrediensar til eit rundt olivenbrød:

  • 260 g vatn, lunka/romtemperert
  • 16 g fersk gjær
  • 1 ts akasiehonning
  • 300 g hvetemel
  • 100 g sammalt speltmel
  • 10 g salt
  • 75 g kalamataoliven, delt i to
  • 2 ss hvetemel

[/recipe-foody]

Ha vatn og akasiehonning i ein bakebolle og rør ut gjæren i væska. Tilsett hvetemel, speltmel og salt og elt deiga i kjøkkenmaskin i ca. 10 minutter. Tilsett oliven og 2 ss hvetemel og elt det godt inn i deiga i ca. 2 minutter. Dekk bollen med plastfolie og la heve til dobbel størrelse, ca. 2-3 timar.

Hell deiga ut på eit melete underlag og brett deiga under seg sjølv nokre gongar slik du får ein rund ball som held fasongen. Legg deiga med skjøten på undersida på eit bakepapir med hvetemel og sett bakebollen oppned over brødet og la det etterheve i ca. 40-45 minutter, til det er dobla i størrelse.

Skru på steikeovnen på 240 ºC og sett inn ei jerngryte med lokk ca. 30 minutter før steiking, slik at gryta blir god og varm. Ta av lokket av gryta og strø godt med hvetemel i botnen, kvelv brødet forsiktig ned i gryta slik det beheld fasongen og sett på igjen lokket. La brødet steike i ca. 25-30 minutter. Skru deretter ned ovnen til 220 ºC og la brødet steike vidare i 5 minutt ekstra uten lokk. Avkjøl brødet på rist.

DSC_0355

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*