Hasselnøttbrød

[dropcap]N[/dropcap]øttebrød med smak av sesam og hasselnøtter til det perfekte ostemåltidet.

Ein nydeleg lunsj med gode ostar, frukt og syltetøy fortenar eit godt brød. Brød med nøtter er perfekt saman med ost og frukt og gir det lille ekstra til måltidet. Dette brødet er raskt å elte saman og krever lite arbeid. Her kan du også bytte ut hasselnøttene med for eks. valnøtter eller også eventuelt erstatte med frø.

DSC_0116

[recipe-foody]Ingrediensar til 1 hasselnøttbrød:

  • 25 g gjær
  • 2 ts salt
  • 1 ss honning
  • 5 dl lunka vatn
  • 1 dl heilmelk
  • 2 ss olivenolje
  • 1 ss sesamolje (bruk olivenolje om du ikkje har sesamolje)
  • 100 g sammalt grovt rugmel
  • 200 g hasselnøtter
  • 750-800 g hvetemel
  • sesamfrø til pynt

[/recipe-foody]

Bland saman gjær, salt og honning i ein bolle og tilsett det lunka vatnet og rør til gjæren løyser seg opp. Ha så i melka, olivenolje, sesamolje, rugmel, hasselnøtter og nesten alt hvetemelet og elt i ca. 10 minutter i ei kjøkkenmaskin. Tilsett eventuelt meir av hvetemelet ved behov til du får ei samanhengande og glatt deig. Sett så til heving i ca. 1 ½ time eller til dobbel størrelse.

Forvarm ovnen til 240 ºC. Strø litt hvetemel og sesamfrø på kjøkkenbenken og ha deiga ut av bollen og form det til eit stort avlangt brød slik at frøa festar seg på deiga. Legg så på eit bakepapirkledt steikebrett og la etterheve i ca. 20 minutter.

Sett så brødet inn i ovnen og la det steike i ca. 10 minutter. Skru så ned varmen til 180 ºC og steik vidare i ca. 30 minutter til brødet har blitt gyldent. Avkjøl brødet på rist.

DSC_0103

Brødet smakar nydeleg med ulike typar ost, syltetøy, spekemat eller rett og slett berre ein god klatt meierismør ♥

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*