[dropcap]F[/dropcap]rokost betyr ofte ulike typar frokostblandingar og müsli med yoghurt og friske bær for meg. Denne typen morgenmat blir eg aldri lei, og er godt sammensatt både næringsmessig og smaksmessig.
Smaken på müsliblandinga kan du variere i det uendelige med forskjellige typar søtning, krydder og tilsetningar. Dei ferdige frokostblandingane i butikken er ofte tilsatt alt for mykje sukker, derfor er det også ein super måte å begrense og kontrollere sukkerinnhaldet om du lagar den sjølv.
Denne gongen har eg laga ein ganske standard müslivariant med nøtter og frø og ein god dose kanel. Kanel gir ein fantastisk smak og lukt og har også helsemessige fordelar.
[recipe-foody]Ingrediensar til ein stor porsjon müsli:
- 350 g havregryn/byggryn
- 100 g solsikkefrø
- 100 g linfrø
- 100 g sesamfrø
- 100 g gresskarkjerner
- 2 dl hakka nøtter av valfri type (eg brukte hasselnøtter, valnøtter og mandler)
- 1 ts vaniljepulver
- 1 ss kanel
- 1 dl kokosmasse
- 2 dl eplejuice
- 4 ss agavesirup
- 1 klype havsalt
- evt. litt ekstra honning (her har eg brukt akasiehonning)
- frysetørka jordbær el. lignande
[/recipe-foody]
Forvarm steikeovn til 160-170 grader. Bland sammen havregryn, frø, kokosmasse og nøtter i ein bolle. Ha så i kanel, salt og vaniljepulver og rør godt rundt. Tilsett så eplejuicen og agavesirup og bland sammen alt til heile massen har blitt litt fuktig. Spre så blandinga utover ei bakepapirkledd langpanne og strø eventuelt litt ekstra kanel utover om du ønsker. Så kan du ringle litt ekstra honning utover blandinga for å få litt meir smak og for at du skal få små crunchy “bitar”. Sett brettet midt i steikeovnen og steik blandinga i ca. 45-60 min eller til du ser det har fått ein gylden fin farge. Rør rundt og snu på blandinga med jamne mellomrom.
Når blandinga er avkjølt kan du blande inn litt frysetørka bær, tørka bananbitar eller anna frukt om du vil ha litt ekstra smak. Oppbevar på tette glas og server det saman med melk, yoghurt og bær eller kva du måtte ha lyst på!♥