Heimelaga tomatsuppe med kvitløksbrød

[dropcap]H[/dropcap]eimelaga tomatsuppe er noko av det enklaste og beste ein kan lage til middag. Brukar du gode tomatar i suppa så er du eigentleg garantert suksess.

Tomatsuppe er enkel, rask og sunn middag å lage sjølv frå botnen av. Smaken kan ikkje samanlignast med den du får frå pose. Til suppa har eg denne gangen valt å servere kvitløksbrød i brytebrødversjon med masse godt smør og krydder.

[recipe-foody]Ingrediensar til suppe for ca. 4 personar:

Kvitløksbrytebrød:

  • 300 g sikta speltmel
  • 200 g hvetemel
  • 25 g gjær
  • 1 klype salt
  • 3 ½ dl vatn

Kvitløkssmøret:

  • 125 g meierismør, romtemperert
  • 4-5 store kvitløksfedd
  • ¼ ts cayennepeppar
  • 1 klype salt
  • 1 sitron, skalet
  • 2 ss tørka persille
  • strøkavring/brødrasp

Tomatsuppe:

  • 3 medium store sjalottløk
  • 1 fedd kvitløk
  • 1 neve soltørka tomat
  • 1 ss tomatpurè
  • 1 boks hermetiserte heile plommetomatar
  • 5 dl kyllingkraft
  • 1 ss tørka basilikum
  • 1 ss fersk oregano
  • 1 klype brunsukker
  • salt & peppar
  • crème fraîche
  • 50 g chorizopølse

[/recipe-foody]

For å lage kvitløksbrødet blandar du alle ingrediensane og eltar deiga godt i 5-10 minutter i enten maskin eller for hand. Deiga skal vere fast, men lett og mjuk. Legg deiga i ein bolle, dekk med plastfolie og la heve til dobbel størrelse. Dette tek ca. 1 time.

I mellomtida lagar du kvitløkssmøret. Ha smøret i ei skål og bland inn salt, cayennepeppar og persille. Finriv skalet på sitronen på eit rivjern og ha i smøret. Knus kvitløksfedda i ei kvitløkspresse og ha i blandinga. Bland så alt godt saman. Denne oppskrifta held rikeleg til brødet og du får nok ein god del til overs.

Smør inn kantane og botnen av ei ildfast form på ca. 23×23 cm størrelse med ca. ein tredjedel av kvitløkssmøret og strø så godt med brødrasp over. Del så brøddeiga opp i 15-16 emner og trill ut til små runde bollar og sett dei ganske tett saman i forma. Fordel så litt meir av kvitløkssmøret rundt om og oppå bollane og sett til heving igjen i ca. 30-45 minutter.

DSC_0348

Forvarm steikeovnen til 190 ºC. Når kvitløksbrødet er ferdig heva sett du det på nest nederste rille i ovnen og steiker det i ca. 30 minutter, til det har blitt sprøtt og gyldent på toppen. Når du tek ut brødet rett før servering kan du godt ha på litt ekstra av kvitløkssmøret på toppen.

I mellomtida lagar du tomatsuppa. Finhakk sjalottløk, kvitløk og soltørka tomat og ha det i ein stor kjele saman med litt olivenolje. La det surre på middels varme til løken har blitt mjuk. Ha så i tomatpurè, plommetomatar og kyllingkraft og la det koke opp. La så suppa stå og småputre i ca. 20 minutter. Ha så i oregano, basilikum og eventuelt litt brunsukker og smak til med salt og peppar.

DSC_0357

Skjær opp chorizopølsa i terningar og sprøsteik den i ei tørr steikepanne på middels høg varme. Server så tomatsuppa med ein klatt crème fraîche, chorizopølsebitar og litt fersk oregano på toppen saman med det rykande ferske kvitløksbrødet.

DSC_0352

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*