Heimelaga tortillalefser med spelt

[dropcap]H[/dropcap]eimelaga tortillalefser er både enkelt og raskt å lage. Dei kan brukast både til taco i alle variantar, wraps, som lefserullar med pålegg og i gratengar.

Ved å lage dine eigne tortillalefser kan du også velge kva type mel du vil dei skal vere av. Resultatet på lefsene vil variere alt etter kva blandingsforhold du har og kva meltype du brukar. Ikkje alle typar mel er egna til å lage deig og kjevle ut tynne lefser av. Så her må du berre prøve deg fram. Brukar du for mykje grovt mel kan dei også bli tunge og seige.

Her har eg brukt ei blanding av vanleg hvetemel og speltmel. Då vart dei saftige og mjuke utan at det verken blei for seigt eller tørt til tross for at dei er litt grovare. Oppskrifta er enkel og det går raskt å lage om du er god på kjevlinga.

[recipe-foody]Ingrediensar til 10 stk medium store tortillalefser:

  • 225 g hvetemel
  • 175 g steinmalt speltmel
  • 2 ts bakepulver
  • ½ ts salt
  • ½ dl rapsolje
  • 2 ½ dl vatn

[/recipe-foody]

Bland saman alle ingrediensane og kna deiga godt sammen. Den skal vere smidig og glatt utan å bli for tørr eller tung. Så her må du eventuelt tilsette meir eller mindre av vatn og mel. Prøv deg fram. Når deiga har samla seg formar du den til ein ball og legg den til heving i 20 minutters tid i ein bolle med eit kjøkkenhandklede over.

Del så deiga i 10 like store emner og trill bollar. Legg litt plastfolie over dei på benken og la dei kvile i ca. 10 min. Varm så opp ei teflonpanne og start med å kjevle dei så tynne du klarer. Dei skal dekke botnen i steikepanna.

Steik så lefsene i den tørre steikepanna på middels høg varme og snu dei når deiga startar å boble seg opp å dei får brune flekkar. Snu og steik raskt på neste side. Det skal ikkje lange stunda til med steiking før dei er ferdige. Legg så i ein stabel inni eit fuktig kjøkkenhandklede slik at dei held seg mjuke og saftige.

DSC_0471

Bruk lefsene umiddelbart eller frys dei ned i posar med matpapir i mellom kvar tortillalefse.

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*