Heimelaga urtemajones

[dropcap]H[/dropcap]eimelaga majones er enklare å lage enn ein trur og smakar utruleg godt. Ved å tilsetje ferske urter får du i tillegg ein smakfull majones som du kan bruke på sandwich eller som tilbehør til ulike rettar.

Vi har vel alle stått der på leit i kjøleskapet etter den majonespakken som vi så vagt huskar at nesten var tom. I håp om å få ut siste rest frå pakken pressar og skviser ein ut det som overhodet ikkje er nok til brødskiva. Lysta på å kle seg og kjøre til butikken og kjøpe ny er kanskje også svært laber. Har du då egg, nøytral olje, ein sitron og litt sennep er du redda. Heimelaga majones går svært raskt å lage og krever berre at du piskar godt og så har du plutseleg ein god porsjon majones klar.

Ga5UmjV2TZ+ctS6KVKnupw_thumb_6a42

[recipe-foody]Ingrediensar til ein porsjon urtemajones:

  • 1 stor eggeplomme
  • 1 ts sitronsaft + 1 ts kvitvinseddik (evt. 2 ts sitron eller kvitvinseddik)
  • 1 ts sennep (gjerne dijon)
  • ½ ts salt
  • 2 dl rapsolje
  • 2 ss finhakka urtar (basilikum/oregano/sitronmelisse/persille)
  • salt & peppar

[/recipe-foody]

Ha eggeplomme, sitronsaft, kvitvinseddik, sennep og salt i ein bolle. Pisk det godt saman med ein ballongvisp til det lysnar litt på farge og blir luftigare. Hell eit par dråpar av oljen i eggeblandinga medan du piskar godt. Gjenta dette eit par gongar under stadig omrøring slik det ikkje skiller seg. Deretter kan du fortsette å piske godt medan du heller oljen i blandinga i ein tynn stråle heilt til det har dobla seg i volum og du har fått ein lys og fin majones. Pass på at du ikkje heller oljen for raskt i eggeblandinga då det lett kan skilje seg. Ha i ferske urter og smak til med salt og peppar. Majonesen held seg i kjøleskap i minst 1 vekes tid.

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*