Hjorteburger på kvitløk-og rosmarinpotetstappe

[dropcap]H[/dropcap]jortekjøt har ein nydeleg smak og er supert å lage smakfulle karbonader av. Her er det servert saman med ein potetstappe med kvitløk og rosmarin, ferske rosenkål, karamellisert sjalottløk og granateple. Den litt søte og djupe viltsmaken blir fint balansert saman med dei syrlege granateplefrøa og gir retten ein utfyllande smak.

Eg har vore så heldig å få ein del hjortekjøt og ville lage noko ut av kotelettane og ribba eg fekk. Derfor blei det reinskjært og laga kjøtfarse av kjøtet som deretter blei til hjortekarbonader. Ved sidan av hjortekarbonadene serverte eg også granateple og granateplesirup (som du finn oppskrifta på her).

DSC_0810

[recipe-foody]Ingrediensar til hjorteburger med potetstappe for ca. 4 personar:

Hjortekarbonader:

  • 400 g kjøtdeig av hjort
  • 100 g bacon, finhakka
  • 3 einebær, knuste
  • ½ ts allehånde, malt
  • ¼ ts stjerneanis, malt
  • ½ ts pepar, malt
  • 1 ts salt
  • 1 egg
  • ½ ss potetmel

Kvitløk-og rosmarinpotetstappe:

  • 800 g mandelpotet
  • 1 ½ dl fløte
  • 1 ½ dl heilmjølk
  • 2 fedd kvitløk, i skiver
  • 2-3 ss fersk rosmarin, grovhakka
  • 60 g smør
  • salt

Tilbehør:

  • 2 medium sjalottløk, i tynne ringar
  • 1 ss sukker
  • 1 ss balsamicoeddik
  • smør
  • 200 g rosenkål
  • ½ granateple (evt. tyttebær)
  • granateplesirup (evt. tyttebærsirup/tyttebærsyltetøy)

[/recipe-foody]

Ha fløten, heilmjølka, kvitløken og rosmarin til potetstappa i ein kjele og la det koke opp forsiktig. Trekk kjelen frå varmen og la det stå å trekke i 20 minutter.

Bland saman hjortekjøt, bacon, egg, potetmel og alt krydderet til ei fast farse i ein bolle. La det stå og sette seg litt.

Kok mandelpotetene med skalet på til dei er møre. La dei kjølne av litt før du skrellar dei og stappar dei med ei potetstappe. Varm opp igjen kvitløks-og rosmarinmjølka og tilsett smøret. Om du vil kan du sile av kvitløken og rosmarinkvastane, men eg synest det berre er godt om du får med litt rosmarinblad i potetene. Ha i litt og litt av den varme mjølkeblandinga i potetene og rør rundt med ein ballongvisp. Tilsett så mykje av mjølka som du treng for å få ein passande konsistens og rør godt med vispen til den blir fløyelsmjuk. Smak så til med salt.

Steik sjalottløken mjuk og blank i ei steikepanne med litt smør. Tilsett sukker og balsamicoeddik og la det surre til det er karamellisert. Legg til sides. Skjær rosenkål i to og steik dei i panna til dei har fått gylden farge. Tilsett gjerne litt meir smør og krydre med salt og peppar. Legg til sides.

Varm opp godt med smør i panna igjen. Del hjortekarbonadedeiga i 4 delar og form dei til runde bollar og trykk dei lett flate. Steik dei på høg varme i panna i ca. 2 minutter på kvar side, til dei har fått ei gylden og fin steikeskorpe. Skru ned temperaturen litt og la dei ligge til dei er nesten heilt gjennomstekte.

Server hjortekarbonadene på ei seng av potetstappe og fordel rosenkål og granateplefrø rundt. Legg ein klatt med karamellisert sjalottløk på kvar karbonade og server gjerne granateplesirup eller tyttebærsirup/syltetøy ved sidan av.

DSC_0813

2 Kommentarar

  1. Denne har jeg gått og siklet på en stund og siden jeg fikk litt deilig hjortedeig fra noen venner, prøvde jeg i dag. Fulgte oppskriften til punkt og prikke. Ble helt fantastisk! For en festmiddag! Tusen takk for oppskrift.

    • Hei! Er sjølv utruleg glad i hjortekjøt og får nesten ikkje bedre mat!:) Veldig hyggelig å høre at det falt i smak og blei ett godt måltid!! 🙂

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*