Hjortesteik med rødvinssaus og mandelpotet-og persillerotpurè

[dropcap]H[/dropcap]jortekjøt er etter mi meining av det beste kjøt du kan få, om det er stekt på rett måte. Her har eg langtidsstekt hjortesteika på veldig lav varme over lang tid, og har som resultat fått ei saftig og utruleg mør steik.

Denne retten består av nokre av mine favorittråvarer og er den perfekte norske viltretten i mine auge. Hjortekjøt har ofte ein tendens til å kunne bli både seigt og tørt pga. det lave fettinnhaldet. Men måten det har blitt stekt på her gjer at det blir lyserosa, saftig og så mørt som eg aldri har smakt hjortekjøt før. Tilbehøret er ganske så klassisk tilbehør til viltkjøt, men det slår derfor heller aldri feil!

[recipe-foody]Ingrediensar til hjortesteikmiddag for ca. 6 personar:

  • 1 ½ kg hjortekjøt ( gjerne lårstykke, her har eg sjølv brukt eit lårstykke med bein i som då vog 2 kg inkludert beinet)
  • 3-4 gulrøtter, store
  • 2 løk, store
  • 3-4 dl hjortekraft
  • 2-3 kvister frisk timian
  • tørka timian
  • 1 ss akasiehonning
  • meierismør
  • salt & peppar

Mandelpotetpurè med persillerot:

  • 12-14 mandelpoteter
  • 1 stor persillerot
  • 1-2 ss persillerotpaste
  • 3 fedd kvitløk, delte i skiver
  • 1 dl melk
  • 1 dl fløte
  • 30 g meierismør
  • salt & peppar

Rødvinssaus:

  • 2 sjalottløk
  • 2 ss soyasaus
  • 4 ss smør
  • 4 dl hjortekraft/sjy
  • 2 dl rødvin
  • 1 ss maizena
  • ripsgele
  • salt & peppar

Tilbehør:

  • 400 g rosenkål
  • 300 g champignonsopp/kantareller
  • tyttebærsyltetøy/ripsgele

[/recipe-foody]

Forvarm steikeovnen til 80 ºC. Tørk hjortekjøtet med kjøkkenpapir og krydre den godt med salt og peppar. Brun så alle sidene av steika i ei steikepanne på høg varme med litt smør i for å forsegle steika. Legg så kjøtet over i ei ildfast form. Ha akasiehonningen i steikepanna der steikesafta og smøret er igjen og la det smelte ut. Hell så all steikesaft over kjøtet. Del løk i båtar og gulrøttene i strimlar og legg dei i forma rundt kjøtet. Hell så hjortekraft i botnen av forma og strø frisk timian over både kjøt og grønnsakene. Sett eit steiketermometer inn i den tjukkaste delen av kjøtet og sett det inn i ovnen. La steika stå til kjøtet når ein temperatur på 61-62 ºC. Ta så ut steika og pakk den inn i aluminiumsfolie og la kvile i 20 min før du skjærer i den.

DSC_0774

Kok mandelpoteter og persillerot møre og hell så av vatnet. Mos så potetene godt. Varm opp smør, melk  og fløte saman med kvitløken i ein kjele. Hell så litt og litt av melkeblandinga over potetene og rør rundt med ein ballongvisp (kvitløken skal kun sette smak, så den skal du ikkje helle over i potetene). På denne måten vil du få ein fløyelsmjuk og fin potetpurè. Ha så i persillerotpaste og smak til med salt og peppar.

Sausen kan du lage medan steika kviler. Hakk sjalottløk så fint du klarer og surr det forsiktig i ein kjele saman med smøret. Løken skal bli blank og mjuk utan å bli brun. Ha så i rødvin og la det koke inn litt. Ha så i kraft frå steika og la det stå og putre i 5 min. Så har du i soyasaus, ripsgele og maizena utblanda med litt vatn. La det tjukne litt og smak så til med salt og peppar om det er behov for det.

Steik sopp og rosenkål gyldent i ei steikepanne med smør og krydre det godt med tørka timian og salt og peppar.

Server så skiver av hjortesteik, potetpurè, sopp-og rosenkålblanding saman med rødvinssaus og tyttebærsyltetøy.

DSC_0791

12 Kommentarar

  1. Turid og Roar Stensrud

    Takk for flott oppskrift. Maten ble helt nydelig.

  2. Veldig god mat. Både vi og gjestene koste oss!

    • Det blir eg svært glad for å høyre! 🙂 Viltkjøt er ein storfavoritt og alltid hyggeleg å få tilbakemelding på vellykka resultat! 🙂

  3. Hei! Hvor lenge ca sto steken i ovnen? Slik at jeg kan planlegge ifht tidsbruken 🙂

    • Hei! Beklagar seint svar, men den treng nokre timar i ovnen. Det kjem alt ann på kor stor steika er og kor mykje bein det evt. er i den. Eg ville allikevel beregne ca. rundt 3-4 timar slik ein har god tid å forberede alt 🙂

  4. Hei
    Hvor mange gram salt per kg kjøtt tror du er best?

    • Hei!
      Eg brukar sjelden noko eksakt mål på saltinga på steik. Då passar eg heller på å ikkje oversalte steika før steiking og setje fram bordsalt ved servering. Eit sånn ca. mål vil allikevel vere rundt 2 ts med salt til ei steik på 1,5 kg. Vekta vil variere med type salt, men om du reknar ca. 5 g salt pr ts skal det vere nokså presist. Vil uansett anbefale å salte berre sånn passe og heller la kvar enkelt salte ekstra ved bordet 🙂

  5. Kva gjer eg når eg ikkje har hjortekraft??

    • Hei! Berre bruk kraft av storfe om du har ? evt fond (bland ut) eller vanleg kjøttbuljong frå butikken! Lykke til med nydeleg mat!?

      • Tusen takk for svar? skal lage på onsdag 2,5 kg 5-6 timer kanskje? Surret av lår uten bein?

        • Eg ville nok satt av ca 5-6 timar ja ,og er det litt tidlegare ferdig kan du heller varme det forsiktig i innpakning med aluminiumsfolie i steikeomnen på 50 grader litt før servering ? god påske!?

Legg att eit svar til Mari-Lene Avbryt

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*