Honningsmørbakte rotgrønsaker

[dropcap]D[/dropcap]ei norske grønsakene er på markedet igjen og fristar med sine friske fargar og gode smakar. Rotgrønsaker i ulike variantar passar til det meste og kan brukast som tilbehør på mange måtar. Desse rotgrønsakene er bakt i ovn saman med smør, honning, sitron og urtar og er det perfekte tilbehør til hausten sine gode middagsrettar!

Rotgrønsaker er flotte råvarer som du kan gjere uendeleg mykje med. Dei er perfekte til supper, purè og stappe, ovnsbakte og steikte eller som snacks saman med dip. Her har eg brukt dei grønsakene eg hadde i kjøleskapet, men erstatt gjerne med det du sjølv har eller rett og slett lag retten med færre typar grønsaker. Den gode smaken frå søt honning gjer seg utruleg godt saman med den syrlege sitronen og det saltet smøret og gir ein god kontrast til salte kjøt-eller fiskerettar. Urtar er også noko du kan eksperimentere med og smake deg fram til, men sjølv synest eg rosmarin passar ekstra godt til denne retten. Dersom eg skal komme med enda eit tips til denne retten må det vere å servere saman med ovnssteikte kyllinglår med sprøtt skinn. Det smakar rett og slett himmelsk saman!

DSC00819

[recipe-foody]Ingrediensar til honningsmørbakte rotgrønsaker for ca. 6 personar:

  • 200 g gulrot (ca. 4 store)
  • 100 g persillerot
  • 200 g søtpotet
  • 200 g pastinakk
  • 2 middels store rødløk
  • 100 g smør
  • 1 sitron, safta
  • 8 ss akasiehonning
  • 4 fedd kvitløk, knuste
  • nokre stilkar fersk rosmarin
  • havsalt & nykverna svart peppar

[/recipe-foody]

Forvarm steikeovnen til 200 ºC.

Vask og skrell grønsakene (lat gjerne skalet vere på om du vil). Skjær rotgrønsakene i relativt tjukke stavar på ca. 1 cm breidde og del opp rødløk i tjukke båtar. Fordel grønsakene utover eit steikebrett eller ei stor ildfast form. Smelt smøret og bland saman med safta frå sitronen, honning, og kvitløk. Hell smørblandinga utover grønsakene. Strø over rosmarin, havsalt og peppar. Sett midt i steikeovnen og lat stå i ca. 35-40 minutter, eller til grønsakene er møre og gyldne. Vend litt på grønsakene underveis slik dei blir jamnt steikte.

 

2 Kommentarar

  1. Dette blir nok kjempegodt ! Gleder meg til å lage dette, er så glad i rotgrønnsaker. Også passer det både til kjøtt og fisk ! Og elgkjøtt som vi bruker mye! Tusen takk !

    • Hei! Takk for hyggelig tilbakemelding! 🙂 Ja, eg nyter det kvar haust når alle dei gode grønsakene kjem på markedet. Det passar perfekt til viltkjøt og mykje anna godt, så her er det berre å kokkelere!

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*