Asiatisk biffgryte

[dropcap]A[/dropcap]siatisk mat med masse ulike krydder er noko av det aller beste eg kan få til middag. Fyldige sausar med masse kryddersmak som ein kan “tørke” opp med godt nanbrød er rett og slett ein stor favoritt. Biffgryta har det mest møre kjøt du kan tenkje deg og ein aromatisk saus med masse krydder, tomat og kokosmjølk.

Denne biff-curryen har utruleg mørt kjøt og er rik på krydder og smak i ein saus som er fyldig sjølv utan nokon meieriprodukt. Oppskrifta på mørt kjøt og fyldig saus er lang koketid over lav varme. Sjølve retten i seg sjølv går raskt å kokkelere, men det gode resultatet er avhengig av å få lang tid over varmen. Smaken av gryta er godt krydra utan å vere spesielt sterk, men dersom du ønskar meir styrke er det berre å tilsetje meir chili i retten. Aller best smakar det om du serverer retten saman med nanbrød eller gjerne også kokt ris.

Jj%ut05+Sz6uABV46dFNUA_thumb_6c7f

[recipe-foody]Ingrediensar for ca. 4-6 personar:

  • ca. 1,2 kg høyrygg av storfe
  • 1 stor løk
  • 4-5 fedd kvitløk
  • 1 ss fersk ingefær, riven
  • 4 middels store raude chili (med frø)
  • 1 ss spisskummen, malt
  • 1 ss koriander, malt
  • 2 ts gurkemeie
  • 1 ts kardemomme, malt
  • 1 ts chilipulver
  • 6 nellikspiker
  • 1 kanelstang
  • 400 g kokosmjølk
  • 400 g hermetisert tomat
  • 1 ts brunsukker
  • salt & pepar

Til servering:

[/recipe-foody]

Fjern det meste av hinner og feitt frå kjøtet og skjær i store terningar. Varm opp litt smør eller olje i ei stor gryte og brun kjøtet i omgongar til det har fått ei gylden steikeskorpe på alle sider. Ha alt kjøtet tilbake i gryta. Ha løk, kvitløk og chili i ein stavmiksar og kjør til det blir til ein tjukk purè. Ha det over i gryta saman med kjøtet og la det surre med i nokre minutt. Ha i alt av krydder, kokosmjølk og tomat og gi det heile eit oppkok. Skru ned varmen og la gryta stå og småputre på lav varme i ca. 1 ½ – 2 timar. Ha i brunsukker og smak til med salt og pepar. Gryta er ferdig når kjøtet er mørt og sausen har kokt inn og tjukna ein del. Server saman med naanbrød, ris og/eller salat.

%kcXpVRASImH7j8xbQxO%Q_thumb_6c91

 

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*