[dropcap]D[/dropcap]enne jordbærdesserten lagar du på 1-2-3 og har raskt noko friskt og søtt å servere ein fin sommardag! Desserten har limemarinerte jordbær med mascarponekrem og søte og knasande amarettikjeks med god smak av mandel.
Dei norske jordbæra er enda ikkje komne i butikken såvidt eg har fått med meg, men når dei gjer det så vil nok denne desserten bli enda bedre på smak! Desserten er kjapp å mekke saman og bør serverast umiddelbart. Amarettikjeksa til desserten kan du fint kjøpe ferdige på butikken også, men eg vil allikevel anbefale å ha eit glas med heimelaga kjeks på lur til både denne desserten og masse anna godt.
[recipe-foody]Ingrediensar til 3 porsjonar med jordbær-& mascarponedessert:
- 175 g jordbær
- 1 lime, safta
- 1-2 ss fersk mynte, finhakka
- 1-2 ss sukker (smak deg fram)
- 100 g mascarpone
- 1 dl fløte
- 2 ss sukker
- ca. 12 stk amarettikjeks (oppskrift her)
[/recipe-foody]
Skjær jordbær i to eller fire og ha dei i ei skål saman med safta frå ein lime, fersk mynte og sukker og la det stå og marinere i ca. 10 minutter.
Finn fram tre dessertglas eller liknande. Ha mascarpone i ein bolle og pisk den litt slik den mjuknar. Ha i fløte og sukker og pisk det til du får stiv krem. Knus ca. 3-4 amarettikjeks i kvart av dessertglasa og legg ein god klatt med mascarponekrem i kvart glas. Fordel dei marinerte jordbæra og safta i glasa og topp med litt ekstra mascarpone på toppen. Knus over nokre smular med kjeks og topp med litt fersk mynte. Server og nyt umiddelbart!