Jordbærostekake-iskrem

[dropcap]H[/dropcap]eimelaga iskrem med smak av jordbærostekake eller ‘strawberry cheesecake ice cream’ om du vil. Det som iallefall er sikkert er at denne isen er fantastisk god uansett språk eller navn!

Sommaren og jordbærsesongen  er over for denne gong, men iskrem passar alltid uansett. Isen er lett å lage og du treng ikkje iskremmaskin for å få eit godt resultat, sjølv om det selfølgelig ville ha vore det optimale.

DSC_0617

[recipe-foody]Ingrediensar til ca. 2 liter iskrem:

  • 3 ½ dl sukker
  • 1 ½ ss kveitemjøl
  • 9 ½ dl heilmjølk
  • 1 vaniljestang, frøa
  • 2 egg
  • 200 g kremost, naturell
  • 1 ts vaniljeekstrakt
  • 3 dl kremfløte
  • 300 g ferske jordbær (evt bruk frosne jordbær om du ikkje har)
  • ½ dl jordbærsirup
  • 8-10 stk Digestivekjeks

[/recipe-foody]

Ha sukker, kveitemjøl og frøa frå vaniljestanga i ein stor kjele. Ha så i litt og litt av mjølka medan du rører godt rundt. La blandinga koke opp på medium varme under stadig omrøring. Så snart det kokar lar du det putre litt i eitt par minutter til blandinga tjuknar samtidig som du rører. Avkjøl så litt.

Pisk dei to egga lett i ein bolle. Ha ein tredjedel av mjølkeblandinga over i egga samtidig som du piskar godt. Hell deretter eggeblandinga over i kjelen med resten av mjølka. La blandinga stå over lav varme til den har tjukna ein del medan du heile tida rører godt rundt. Det skal bli ein slags tjukk vaniljesaus som dekker baksida på ei skei når den er klar. Trekk så kjelen frå varmen og rør inn vaniljeekstrakt og kremosten til den har smelta inn. Sett så kjelen i isbad for å kjøle seg raskt ned. Rør godt i blandinga. Dekk så med plastfolie heilt nedi overflata på blandinga og sett i kjøleskap i minimum 3-4 timar eller over natta.

Del jordbæra i små terningar og mos ca. halvparten av dei til ein purè saman med jordbærsirupen, enten med ein gaffel eller ein stavmiksar. Rør inn resten av jordbærterningane i jordbærpurèen.

Stivpisk kremfløten til krem. Ha så ein tredjedel av kremen over i vaniljesausen og bland godt. Deretter vender du forsiktig inn resten av kremen i vaniljesausen. Knus Digestivekjeksa i bitar og smular og bland både det og jordbærblandinga inn i vaniljeiskremen. Rør kun eitt par gongar rundt i det slik at du ikkje øydelegger for mykje av marmoreringa i isen. Hell så over i passande beger eller fryseboksar og sett til frysing. Rør rundt i isen kvar halvtime dei to fyrste timane.

Server isen gjerne med litt ferske jordbær og litt frisk sitronmelisse til og nyt!

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*