[dropcap]D[/dropcap]ersom du lagar byggrynsgraut og sitt igjen med restar i kjøleskapet kan du fint bruke dette til å lage ein kald frukostgraut. Her har eg blanda byggrynsgraut med kefir og honning og får ein super og mettande frukost.
Slike måtar å bruke opp grautrestar på er supert for å kutte ned på matkasting og sløsing av matvarer. Grauten ser kanskje litt trist og tørr ut etter å ha stått i kjøleskapet eitt døgn etter servering, så då er dette ein fin måte å få den til å sjå fristande ut på igjen. Her kan du variere med den type meieriprodukt som du sjølv har tilgjengeleg. Både yoghurt, kesam, kulturmjølk og skyr vil vere flotte alternativ.
[recipe-foody]Ingrediensar til ein porsjon kald byggrynsfrukost:
- 1 dl byggrynsgraut, ferdig kokt & avkjølt
- ¾ dl kefir (evt. gresk yogurt,kesam etc.)
- 2 ss solsikkefrøkjerner
- 1-2 ss akasiehonning
- 1 klype kardemomme (evt.kanel eller anna valgfri smakstilsetning)
- fersk frukt eller bær, til servering
- mandelflak, til servering
[/recipe-foody]
Bland saman byggrynsgraut og kefir med ein gaffel i ein bolle til det har blitt ei jamn røre. Tilsett solsikkefrøkjerner, akasiehonning og kardemomme og rør godt rundt. Hell over i passande porsjonsglas og sett kaldt i kjøleskap over natta eller server umiddelbart. Kutt opp fersk frukt eller bær og server på grauten saman med litt mandelflak og evt. litt akasiehonning på toppen.