Kantarell- & baconlasagne

[dropcap]H[/dropcap]austen er på plass med all den gode soppen og då er det klart ein må lage gode måltid ut av det. Lasagne med timian- og smørsteikte kantarellar og sprøsteikt bacon i ein krema fløtesaus med spinat er eit skikkeleg luksusmåltid som det osar kos av.

Om hausten bugnar det av frukt, bær og sopp i skog og mark. Dersom du er glad i sopp har du kanskje vore ute i skogen og plukka kantarell du også, eller så finn du iallefall skogens gull på matbutikkane no. Kantarell er noko av det beste eg veit og den siste tida har eg tenkt ut forskjellige måtar å bruke det i matrettar på. Denne lasagnen er mektig og full av god smak frå både kantarell, bacon, fløte og urtar. Sjølve lasagnen ser kanskje litt mindre ut enn ein vanleg lasagnerett, men tru meg når eg seier at denne er mektig og fyldig nok til å mette både smaksløkar og mage. Saman med lasagnen smakar det godt med ein grøn salat med litt syrleg vinaigrette eller balsamicoeddik. Vinaigrette finn du oppskrift på i mellom anna dette innlegget.

dsc01041

dsc01020

[recipe-foody]Ingrediensar til kantarell-og baconlasagne for ca. 4 personar:

  • ca. 250-300 g kantarell
  • 100-150 g bacon
  • 2 store sjalottløk, finhakka
  • 1 fedd kvitløk, knust
  • 125 g fersk spinat
  • 150 g kremost (enten philadelphia, ricotta eller mascarpone)
  • 1 dl utblanda hønsefond
  • 2 dl kremfløte
  • nokre stilkar fersk timian
  • nokre stilkar fersk rosmarin
  • smør, til steiking
  • havsalt & peppar
  • ca. 8 stk lasagneplater (gjerne Barilla)
  • 100 g reven mozzarella

[/recipe-foody]

Forvarm steikeovnen til 200 ºC og finn fram ei ildfast form på ca. 25 cm.

Steik kantarellen i tørr steikepanne til den har sluppe frå seg ein del væske og la det fordampe. Dersom du har store kantarellar kan du rive dei opp i litt mindre delar. Tilsett litt smør og fersk timian og la soppen steike til den er gylden. Krydre med litt havsalt og peppar og sett til sides.

dsc01014

Steik baconskivene til dei er gyldne og sprø og knekk opp i små bitar. Legg til sides. Behold litt av fettet som er igjen i panna frå baconet og steik sjalottløk og kvitløk på middels lav varme til det er mjukt og blankt. Tilsett fersk spinat og la det steike til det krympar saman. Ha i kremost, hønsefond og fløte og la det koke opp. La det småputre nokre få minutt slik det tjuknar litt. Denne sausen vil allikevel vere ganske rennande. Ha i fersk timian og rosmarin. Smak til med salt og peppar.

No skal du sette saman lasagnen. Legg eit lite lag med kvit saus i botnen og legg deretter eit lag med pastaplater oppå. Så legg du eit nytt lag kvit saus oppå der igjen. Fordel deretter eit lag med kantarell og baconbitar oppå. Gjenta deretter laga til du har brukt opp alle ingrediensane. Eg fekk tre lag på min lasagne. Til slutt strør du reven mozzarella på toppen. Sett midt i forvarma steikeovn og la steike i ca. 25 minutt, til osten er blitt fin og gylden på farge og lasagnen har satt seg. Server lasagnen saman med litt fersk timian og gjerne ein grøn salat med vinaigrettedressing.

dsc01031

2 Kommentarar

  1. Denne retten vender jeg stadig tilbake til, det smaker bare herlig. Jeg lager helst mer sv slt fyllet 😀
    Takk fra Bjørn

Legg att eit svar til Mari-Lene Avbryt

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*