Kantarellpai

[dropcap]H[/dropcap]austen er på veg og tida for sopp er komen. Kantarellane er på plass i skogen og eg har allereide fått plukka litt. Så då er det på sin plass å lage ein herleg kantarellpai av godsakene.

Kantarell er ein smakfull sopp som kjem best til sin rett ved å ikkje ha for mykje andre smakar som forstyrrar. Reine, enkle smakar og råvarer er som eg brukar å seie det som trengs for eit godt resultat på kjøkenet.

DSC_0004

DSC_0011

 

[recipe-foody]Ingrediensar til kantarellpai for ca. 4-6 personar:

Paideig:

  • 150 g hvetemel
  • 70 g steinmalt spelt (evt.hvetemel/sikta speltmel/anna)
  • 1 klype salt
  • 150 g smør
  • 1 eggeplomme
  • 2-3 ts vatn

Paifyll:

  • 350 g kantarell
  • olivenolje & smør til steiking
  • 1 stor sjalottløk
  • 1 fedd kvitløk
  • 1 ss tørka timian
  • 150 g bacon
  • 3 egg
  • 3 dl matfløte
  • salt & peppar
  • 100-150 g chevrèost
  • fersk timian
  • ruccula/grøn salat
  • olivenolje

[/recipe-foody]

Start med å forberede paideiga. Ha hvetemel, speltmel og salt i ein bolle. Kna så inn smøret til du får ein kornete blanding. Ha i eggeplomma og 2-3 ts kaldt vatn og kna saman deiga raskt til den samlar seg. Form den til ein rund ball og trykk den flat, pakk inn i plastfolie og avkjøl i kjøleskapet minst 30 minutter før bruk.

Forvarm ovnen til 200 ºC. Kjevle ut paideiga og ha den i ei rund paiform på ca. 24 cm. Prikk paibotnen med ein gaffel og steik den i ca. 10-15 minutter slik den får ei sprø og lett gylden overflate. Avkjøl.

Ha 300 g av kantarellsoppen i ei tørr steikepanne på middels høg varme. Ha i nokre dråpar olivenolje og la soppen ligge uten å røre i nokre minutter. Rør så rundt i soppen og tilsett litt smør når den har fått litt farge. Finhakk sjalottløk og knus kvitløksfeddet og tilsett det i panna med soppen. Ha så i tørka og fersk timian og smak til med salt og peppar. Ha soppen over i ein bolle og sett til sides.

Skjær opp bacon i små bitar og sprøsteik i steikepanna. Hell så soppblandinga tilbake i panna og bland godt saman med baconet. Fordel sopp-og baconblandinga utover den forstekte paibotnen.

Rør saman egg og matfløte og krydre med salt og peppar og hell det over paibotnen med soppblandinga. Ha over litt ekstra fersk timian. Skjær skiver av chevrèost og fordel utover paien. Sett inn i den forvarma steikeovnen og steik paien i ca. 30 minutter, til osten er gylden og fyllet har stivna.

DSC_0995

Steik resten av kantarellsoppen i steikepanna og krydre med salt og peppar. Server paien saman med den stekte kantarellsoppen og ein grøn salat og drypp gjerne nokre dråpar god olivenolje over.

DSC_0034

 

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*