Kantarellsuppe

[dropcap]S[/dropcap]kogens gull er nok ein gong brukt til å kokkelere fram ein middagsrett. Kantarellen som eg har plukka siste dagane blei det laga ei herleg kremete og smakfull suppe av til middagen i går.

Sopp er noko av det beste eg veit om og kan brukast til så mangt. Det at ein kan gå i dei norske skogane og plukke den flotte gule soppen som smakar så godt er ganske så fantastisk. Hugs berre på at du skal vere sikker på kva du plukkar når det kjem til sopp då det er mange typar som er giftige. Supper basert på sopp gir ein spesiell og fantastisk god smak. Den aller beste soppen er etter mi meining kantarellen og med sin milde og litt markante smak får du ei nydeleg suppe med særpreg.

DSC_0150

[recipe-foody]Ingrediensar til kantarellsuppe for ca. 4 personar:

  • 400 g kantarell
  • 2 medium store sjalottløk, grovhakka
  • 1 fedd kvitløk, knust
  • ½ liten pastinakkrot
  • 3 dl matfløte
  • 6 dl kyllingkraft (evt. 5 dl kraft og 1 dl kvitvin)
  • 1 ts tørka persille
  • 2 ts hvitvinseddik
  • 2 ss frisk timian
  • 100 g bacon, i skiver
  • smør til steiking
  • salt & peppar

[/recipe-foody]

Steik soppen i tørr steikepanne i eit par minutter før du tilsetter litt smør. La soppen steike til den har fått godt med farge og er gylden. Legg til sides litt av soppen til å ha på toppen av suppa ved servering. Tilsett sjalottløk og kvitløk og la det surre med soppen. Skjær pastinakk i små terningar og steik det saman med soppblandinga i nokre minutter. Ha så sopp-og løkblandinga over i ein stor kjele og tilsett matfløte og kyllingkraft. La det koke opp og lat så suppa stå og småputre i ca. 15 minutter. Kjør blandinga med ein stavmiksar og smak til med hvitvinseddik, timian, salt og peppar.

DSC_0160

Sprøsteik baconet i steikepanna og server suppa med stekt sopp, bacon og litt fersk timian på toppen. Prøv gjerne å servere suppa med litt fersk rucculasalat oppi og godt kvitløksbrød til også (oppskrift som for eks. her). Nydeleg suppe med smak av haust!

DSC_0138

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*