Karamell-& pistasjbollekake

[dropcap]M[/dropcap]juk og luftig bolledeig med klissete salt karamell og pistasjnøtter. Kan det bli bedre? Denne bollekaka får ein fin og karamellisert botn med masse hakka nøtter og ei herleg sprø overflate.

Gjærbakst kan varierast i det uendelege og fyllast med det ein likar aller best. Noko av det eg er mest glad i er karamell og nøtter, og då er det klart eg måtte prøve ut ei gjærdeig med nettopp desse smakane. Den aller fyrste gongen eg smakte ein kveitebolle med karamell i var det under eit stopp på veg til Oslo. Der ligg nemleg ein bensinstasjon på Espa langs E6, som er kjend for nettopp sine gode bollar. Etter det har eg laga fleire variantar av bollar med karamell, men denne er kanskje den eg er mest fornøgd med. Gjærdeiga i oppskrifta er den eg brukar til dei fleste typar søt gjærbakst og er å finne på fleire av mine tidlegare innlegg.

DSC_0972

DSC_0978

[recipe-foody]Ingrediensar til karamell-& pistasjbollekake for ca. 8 personar:

Gjærdeig:

  • 2 ½ dl heilmjølk
  • 25 g ferskgjær
  • 90 g sukker
  • 550 g kveitemjøl
  • 1 ts kardemomme
  • 5 g salt
  • 1 lite egg
  • 75 g smør, romtemperert og i terningar
  • ca. 1 ½ dl salt karamellsaus (etter oppskrifta her)
  • 75 g usalta pistasjnøtter, grovhakka
  • evt. maldonsalt
  • 1 egg, til pensling

[/recipe-foody]

For å lage deiga varmar du fyrst opp mjølka i ein kjele til den er lunken. Ha mjølka over i ein bolle og rør ut gjæren. Tilsett deretter sukker, mesteparten av kveitemjølet, kardemomme, salt og egg og la deiga elte i maskin i 10 minutters tid. Tilsett smøret i deiga og elt vidare i 10 minutter til, til smøret er heilt elta inn i deiga og du har ein glatt og smidig deig. Tilsett eventuelt meir kveitemjøl etter behov. Dekk bakebollen med plastfolie og la heve til dobbel størrelse, ca. 1 – 1 ½ time.

Samtidig som deiga står til heving kan du lage karamellsausen etter framgangsmåten i dette innlegget. Hell sausen over på eit glas og la den avkjøle seg litt.

Forvarm steikeovnen til 200 ºC. Kle ei springform på ca. 26 cm med bakepapir i botnen. Hell ca. ¾ dl karamellsaus i springforma slik det dekker botnen. Strø halvparten av pistasjnøttene oppå karamellen og gjerne eit lite dryss maldonsalt oppå der igjen om du ønskar litt ekstra saltsmak til karamellen. Ha den ferdigheva deiga ut på kjøkkenbenken og kjevle ut til eit rektangel på ca. 30 cm x 50 cm. Smør ¾ dl karamellsaus utover rektangelet og strø resten av pistasjnøttene utover. Rull saman deiga frå kortsida til du får ei ganske stram deigpølse og fest godt i endane. Bruk ein skarp brødkniv og skjær deiga i ca. 8 like store skiver. Sett ein deigsnurr i midten av springforma oppå karamellen og fordel resten av deigskivene rundt den i ein sirkel. Etterhev i ca. 45 minutter.

Pensle bollekaka med egg og strø gjerne nokre hakka nøtter på toppen om du vil. Sett midt i steikeovnen og la steike i ca. 20-25 minutter, til kaka er gjennomstekt og har ei sprø og gylden overflate. Avkjøl kaka i forma slik at karamellen får satt seg litt. Deretter er det berre å nyte saman med ein kopp kaffe eller eit glas kald mjølk!

DSC_0994

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*