[dropcap]K[/dropcap]aramell er ein av mine favorittsmakar når det kjem til det søte, og spesielt godt er det i kombinasjon med havsalt. Er du også glad i karamell, så vil du garantert like denne luftige karamelldesserten!
Luftig og kremet karamellmousse med salte og crunchy karamellpopcorn. Ein syndig, søt og ganske så mektig dessert som smeltar på tunga. Til tross for at den er mektig, så er det alltid plass til dessert har eg blitt fortalt av ein klok mann! “Det glir ned imellom det!”, og det gjeld kanskje ekstra mykje når det er luftig mousse det er snakk om.
Oppskrifta er nok ikkje min eigen kreasjon, men er funnen på nettet og berre gjort litt små justeringar på.
[recipe-foody]Ingrediensar til 5-6 porsjonar salt karamellmousse:
Karamellmousse:
- 200 g sukker
- 85 g meierismør, romtemperert og i terningar
- 120 ml fløte, romtemperert
- 1 ½ ts gelatinpulver
- 2 ss kaldt vatn
- 3 ½ dl fløte
- ½ ts vaniljepulver
Topping:
- ½ dl upoppa popcorn
- 50 g meierismør
- 50 g demerarasukker
- 50 g lys sirup
- ei klype natron
- salt
[/recipe-foody]
Start med å lage karamellmoussen. Ha sukkeret i ei kokepanne og la det smelte på middels varme mens du rører litt rundt i det innimellom. Sukkeret kan begynne å klumpe seg saman litt, men det vil smelte igjen etterkvart. Når alt sukkeret har smelta kan du slutte å røre og sette eit sukkertermometer ned i panna. Fortsett å koke til sukkeret har fått ein gylden kobberfarge og rør av og til for å unngå at det brenn seg. Når termometeret viser 180 ºC kan du ha i smøret og umiddelbart ta panna av varmen. Rør godt rundt slik at det ikkje skiller seg (pass på så det ikkje boblar opp på deg).
Ha så 120 ml romtempert fløte i karamellblandinga og rør godt rundt til du får ein fin og fyldig karamellsaus. Sett så til sides for avkjøling.
Bland så gelatinpulveret med vatnet og rør godt ut og la det stå eit minutt til det har løyst seg opp. Ha det så ned i den varme karamellsausen og bland det godt inn til gelatinet har løyst seg heilt opp. La så karamellsausen få bli avkjølt til romtemperatur, sett den gjerne i kjøleskapet litt om den fortsatt er for varm.
Så har du 3 ½ dl fløte i ein bolle saman med vaniljepulveret og piskar det til stiv krem. Ha over karamellsausen og fold det godt inn i kremen til alt er blanda saman. Det kan hende at du no får ein ganske rennande karamellkrem om karamellen fortsatt er litt varm, men det vil stivne til etterpå likevel. Ha så karamellmousseblandinga i 5-6 porsjonsglas og sett det kaldt i kjøleskapet i minst 2-3 timar, til den har stivna.
For å lage karamellpopcorn har du fyrst litt nøytral olje i ei panne med lokk og poppar popcorna. Ha dei så over i ein bolle og strø salt over. Så kan du lage karamellsausen som skal over. Smelt smøret over middels varme og ha så i sukker og sirup og la det koke i 3-4 minutt utan at du rører i det. Så skal du la det stå og putre og koke i 3-4 minutt til, der du kvart 30. sekund rører godt rundt i det. Da skal du ha fått ein fin gylden karamell. Ta av varmen og rør inn natron. Rør det godt saman før du heller karamellen over popcornet i bollen og bland det godt til alle popcorna har blitt dekte med karamell. Så er det berre å la det stå til karamellen har blitt kald og stivna.
Server så karamellmousse med litt crunchy karamellpopcorn over og nyt den søte og salte smaken!♥