[dropcap]S[/dropcap]ame gjærdeig som vanlege bollar og kanelsnurrar, men eit nydeleg fyll med intens smak av kardemomme gjer desse bollane syndig gode.
Eg elskar smaken av kardemomme og synest at det høyrer heime i ei kvar kveitebolle-oppskrift. Denne varianten oser det kardemomme av og er for deg som likar smaken av kardemomme svært så godt. Kardemomme smakar ganske sterkt og aromatisk, så sjølv om eg elskar denne smaken bør du likevel passe på at det ikkje tek heilt over, så bruk rikeleg med sukker på toppen for å balansere smaken. Det gode kardemommesmør-fyllet gjer bollane saftige og smakfulle akkurat slik ein god bolle skal vere.
Deiga eg brukar er den vanlege oppskrifta mi på søt gjærbakst som du finn i forskjellige bolle-oppskrifter. For eksempel slik som i dette innlegget.
[recipe-foody]Ingrediensar til 20 stk kardemommeknutar:
Gjærdeig:
- 5 dl heilmjølk
- 50 g ferskgjær
- 175 g sukker
- 1, 1 kg kveitemjøl
- 1 ss kardemomme
- 10 g salt
- 1 egg
- 150 g smør, romtemperert og i terningar
Kardemommesmør-fyll:
- 150 g meierismør, mjukt & romtemperert
- 100 g sukker
- 50 g brun farin
- 3 ss malt kardemomme
1. pensling:
- 1 egg, samanpiska
- 1 ss grøne kardemommefrø, knuste
2. pensling:
- 3 ss lys sirup + 3 ss varmt vatn
- 3 ss sukker + 1 ss malt kardemomme
[/recipe-foody]
For å lage deiga varmar du fyrst opp mjølka i ein kjele til den er lunken. Ha mjølka over i ein bolle og rør ut gjæren. Tilset deretter sukker, mesteparten av kveitemjølet, kardemomme, salt og egg og la deiga elte i maskin i 10 minutters tid. Ha smøret i deiga og elt vidare i 10 minutt ekstra, til smøret er heilt elta inn i deiga og du har ei glatt og smidig deig. Tilset eventuelt meir kveitemjøl etter behov. Dekk bakebollen med plastfolie og lat heve til dobbel storleik, ca. 1 – 1 ½ time.
Hell den ferdig heva deiga ut på kjøkenbenken og kjevle den ut til eit rektangel på ca. 40 cm x 55 cm størrelse. Bland saman alle ingrediensane til kardemommesmøret til du får ei mjuk og smørbar blanding. Smør utover slik det dekkjer heile rektangelet i eit jamnt lag. Brett deretter ein tredjedel av deiga inn mot midten. Så brettar du den siste tredjedelen av deiga oppå der igjen, slik at du har tre lag. Trykk saman deiglaga litt slik at dei heng saman. Kjevle deretter deiga ut til eit rektangel på ca. 50 cm x 30 cm. Skjær deiga i 20 stk. tynne strimlar på ca. 2-3 cm breidde på kortsida av rektangelet. Hald fast i kvar ende på strimlane og snurr dei rundt seg sjølve og knyt deiga saman til ein knute eller snurr slik du sjølv foretrekk å lage dei. Set på bakepapirkledd steikebrett og lat etterheve i ca. 30-45 minutt, eller til dei er dobla i storleik.
Forvarm steikeomnen til 200 ºC. Knus kardemommefrø slik det grøne skalet losnar. Kast skalet og knus frøa grovt. Pensle bollane med egg og strø på litt kardemomme på kvar bolle. Set brettet midt i omnen og lat steike i ca. 15-17 minutt, til bollane er gyldne på farge.
Bland saman lys sirup og vatn i ei skål, og sukker og malt kardemomme i ei eiga skål. Pensle dei nysteikte kardemommeknutane med sirupvatnet straks dei kjem ut av omnen og strø på eit lag med kardemommesukker til slutt. Avkjøl litt på rist og nyt lunkne kardemommeknutar!