Kefirpudding med kjekssmular & multesaus

[dropcap]D[/dropcap]enne desserten smakar akkurat slik den høyrest ut som og er den perfekte dessert til ein typisk norsk middagsmeny. Puddingen er krema og mjuk og smakar syrleg og søtt av kefir og vanilje. Den syrlege smaken passar perfekt saman med kjekssmulane i botnen og den karakteristiske smaken frå dei søte multene.

Desserten er enkel å lage og passar ypperleg å lage dersom du skal ha mange middagsgjestar. Sausen på toppen kan du også bytte ut med andre typar bær om du ønskar, men sjølv vil eg anbefale å bruke multer om du har det tilgjengeleg. Desserten får eit typisk norsk preg på grunn av smakane og vil passe perfekt inn etter ein middag der det for eksempel står viltkjøt på menyen.

DSC_0607

[recipe-foody]Ingrediensar til ca. 6 porsjonar kefirpudding:

Kjekssmular:

  • 100 g Kornmokjeks
  • 2 ss smelta smør
  • 1ss sukker

Kefirpudding:

  • 3 plater gelatin
  • 2 dl kremfløte
  • 100 g sukker
  • ½ vaniljestang
  • 4 ½ dl kefir

Multesaus:

  • 300 g frosne multer
  • 70 g sukker
  • sitronsaft
  • evt. nokre heile multer til pynt

[/recipe-foody]

Knus kjeksa til smular og behald gjerne nokre større kjeksbitar også om du vil. Bland det saman med smelta smør og sukker. Fordel kjekssmulane i seks porsjonsglas og trykk det godt ned i botnen på glaset slik det får ei jamn overflate. Sett kaldt i kjøleskapet.

Legg gelatinplatene i kaldt vatn i ca. 5 minutter. Ha fløte og sukker i ein kjele. Del vaniljestanga på langs og skrap ut frøa. Ha både frø og vaniljestang i kjelen saman med fløten. Gi blandinga eit forsiktig oppkok. Ta deretter ut vaniljestanga. Klem ut vatnet frå gelatinen og ha den i fløteblandinga og rør godt rundt. Avkjøl blandinga nokre få minutter før du tilsetter kefir og blandar det godt saman. Ta ut porsjonsglasa frå kjøleskapet og fordel kefirblandinga forsiktig over kjekssmulane i kvart glas. Her bør du bruke ei skei til å ause forsiktig over botnen slik at ikkje kjeksa blandar seg med kefirblandinga og flyter opp til overflata. Sett glasa tilbake i kjøleskapet og lat dei stå til puddingen har stivna. Dette kan ta minst 3-4 timar, men lat dei gjerne stå over natta.

For å lage multesausen har du frosne multer og sukker i ein kjele og gir det eit oppkok. La det småputre eit par minutter. Bruk ein stavmiksar og kjør det til ein glatt purè. Sil deretter av blandinga slik at du får ut alle dei små frøa. Smak så til med litt sitronsaft og avkjøl purèen i kjøleskap.

Rett før servering har du på eit lite lag med multesaus over kefirpuddingane og toppar med eit lite multebær. Her treng du ikkje så alt for mykje saus på kvar pudding sidan den har ein ganske konsentrert smak. Så er det berre å nyte ein søt, syrleg og frisk dessert!

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*